Neste: 1.2 Dyrelivet Opp: 1. Om Nordfjella Forrige: 1. Om Nordfjella

Nordfjella


1.1 Om navnet til eit fjellområde

Opprinninga til eit navn er ikkje alltid like enkelt å greie opp i. Nordfjella har derimot eit greit navn som heller ikkje er så gamalt. Navnet har si opprinning i villreinforvaltninga. Før 1972 vart villreinen forvalta kommunevis, det var derfor ikkje så stor bruk for eit samlenavn for området, sjølv om reinstammen var ein felles stamme.

Naturleg skulle denne Nordfjellastammen ha nær tilknytting til villreinen på Hardangervidda, men etter at Bergensbanen vart opna i 1909, har villreinen hatt eit stengsel som har gjort at utveksling av dyr mellom Hardangervidda og Nordfjella har vore låg. Slik har Hardangerviddda og Nordfjella fått kvar sine reinstammar. I forvaltninga vart Nordfjella, som enno ikkje hadde noko navn, gjerne kalla Hardangervidda nord, altså reinstammen nord for Hardangervidda. Nevninga Hallingskarvet Hemsedal vart òg brukt. Når Hardangervidda nord vart korta ned til Nordfjella fyrste gong, veit eg ikkje sikkert, men då villreinutvalget vart formelt konstituert i 1974, vart navnet Nordfjella brukt i utvalget si fyrste møtebok. Etterkvart har Nordfjella vorte eit godt innarbeidd og brukt navn i alle kommunane og offentlege dokument.

Den Norske Turistforening som prøver å framstå som ein miljøvenleg organisasjon som skal formidle naturopplevingar til folket, fekk aldri med seg at navnet Nordfjella eksisterte. I 1995 døypte turistforeninga området til eit heilt spinn vilt navn dei ville bruke på det fjellområdet som hadde heitt Nordfjella i over 20 år. Dette navnet innførte dei med brask og bram, reklamekampanje og heile pakka. Dei fekk også kartverket med på å laga eit turkart med dette tullete navnet, eit kart eg aldri skal kjøpe sjølv om utsnittet ville vera greit å ha på eit kart. Når turistforeninga overkøyrer forvaltninga på ein slik måte, er det eit tydeleg teikn på at same foreninga gir blaffen i naturen og dyrelivet dersom det kan gje kortvarig økonomisk gevinst. Det er svært vanskeleg å ta turistforeninga alvorleg når dei prøver å gje inntrykk av at dei tek hensyn til villrein, når dei viser med slik tydelegheit at dei ikkje har peiling på korleis villreinen lever og blir forvalta.


Neste: 1.2 Dyrelivet Opp: 1. Om Nordfjella Forrige: 1. Om Nordfjella
Valid CSS! Valid HTML 4.01! ©Asle Feten (Heimeside) (e-post)
2009-03-05