Neste: 2.11 Garnfiske i Klevavatnet
Opp: 2. Eigne turar i
Forrige: 2.9.3 Brea 9. juni
Det kunna ha vore nyttårseftan, men det var det ikkje. Fullmåne var det derimot og klarvêr. Men det var temperaturen som var bekymringa for enkelte. Før me reiste heimanfrå viste gradestokken -27°C, så ei bekymra mor prøvde etter beste evne å leggje ned veto, men til lita nytte. Turen var bestemt, men det vart ingen familietur i samla flokk. Deltakinga var begrensa til meg sjølv, ein same og kjerringa hans. Ho var jordbruksutdanna og dreiv med mjølkeproduksjon, så ho knytte eit skjerf rundt seg der ho trang det mest. Dette gav henne ein solid pukkelrygg. Ungen vart att heime. Vidare kledde me oss med det me fann av klede. Doble ullsokkar, stillongs, fleire lag med ulltrøyer, doble votter, ei pelsluve makan til russerane sine vart også funne i ein skuff og sjølvsagt vindtett utanpå. Skiene vart smurt med den hardaste smurningen som var å finne i huset, -15°C--30°C stod det på pakka, så me fekk satse på at det ikkje vart under -30°C.
Bilen starta noko motvillig og hjalp oss opp Nysetlia. På Randan viste gradestokken -20°C, og alle bekymringar for kulda var som blåse vekk, sjølv om det heldigvis var heilt vindstille. Turen som var utan mål og meining, hadde ingen ferdig planlagt reiserute, så alt var opp til oss og vêret. Me var einige om at me ville til fjells, eller i alle fall sjå til fjells, så me starta opp med friskt mot bortover etter vegen. På Narvebakken møtte me som vanleg ein kald vind. Håpet var sjølvsagt at det skulle vera stillare litt lenger frå åskanten. Snøen var fast, så skiføret var ideelt, sjølv om det var litt trått. Ettersom me fortsatt gjekk utan mål og meining, gjekk me vidare etter vegen forbi Fjellstølen. Motvinden held seg omlag uendra.
Enkelte i følget hadde ynskt å koma avgårde tidlegare for å få ein
lenger tur, men på grunn av temperaturen var argumentet om lengre tur
av taktiske grunnar aldri sagt høgt. Det var derfor aldri kome dei
andre for øyra noko som helst om å koma seg ut tidlegare. No vart
skarvet nevnt, men utan niste og med engstelege
foreldre heime, vart det ikkje meir enn nevnt.
Ved garasjen bestemte me oss for å snu. Før me rusla heimover, tok me derimot fram gradestokken, -18°C stoppa han på i vinden som endå ikkje hadde løya. På turen bortover hadde eg sett meg ut ei hall som såg fin ut for nokre telemarksvingar. No fekk eg med meg samen som hadde nye ski for anledningen, borti denne halla, så han kunne få prøvd ut skia. På toppen av desse hovdene var vinden ein god del sterkare, noko som bekrefta at det kanskje var rett å ikkje nevne noko om langtur før på kvelden. Ein skavl som er så bratt at ein ikkje ser under han, før ein er der, var kanskje ikkje det beste å hive seg uti i månelyset for han som ikkje hadde studert terrenget på førehand. Nokre dagar seinare fekk han derimot prøve seg på skarvet, og då vart det litt meir fart på sakene.