Neste: 2.12 Frå aust til
Opp: 2. Eigne turar i
Forrige: 2.10 Måneskinstur
Klevavatnet ligg på fjellet mellom Mjolgebotn og Fødalen. Vatnet ligg omlag 1271 moh, tallet står akkurat i bretten på kartet, så det er ikkje så lett å tyde. Mesteparten av vatnet ligg i Fødalen Statsallmenning, medan ein liten ende er i privat eige. I statsallmenningen kan ein søkje om å få garnfiske. Er ein heldig kan ein få lov til å fiske 2 netter. Eller ein kan gjera som eg gjorde, og avtala å få vera med ein som har søkt og fått tildelt fiske. Saman med fisket, følgjer disponering av Klevahytta. Dagens hytte er ei moderne hytte frå 1982, med vedomn og propanbluss til matlaging. Men like utanfor er det ei tuft som viser at det har vore hus her før. Det var nemleg her engelskmannhytta stod fram til heile hytta vart teken av vinden i 1980[11]. Engelskmannen var lord John Garvagh d.y. (1852-1915) som fekk bygd seg fleire hytter omkring i fjella her. No er det bare att ei av desse hyttene, og det er lordehytta i Folarskardet, den er til gjengjeld restaurert, og står open, etter det eg veit.
Etter å ha gått frå Toviki, opp Klevaskardet og rundt halve Klevavatnet til Klevahytta, var det tid for å få ut garna. For to som praktisk tala aldri hadde fiske med garn før, vart det mykje klabb og babb og nye erfaringar før dei 10 garna var ute.
Etter at garna var drukna og fiskarane hadde redda seg til lands i lag med båten, var det tid for mat og lesing av hytteboka og alle gamle blad som låg i hytta.
Morgonen etter var det om og gjera å koma seg ut i ein fart, få opp garna, reinske dei for fisk, reinske fisken og få garna ut i vatnet raskast mogleg. Me håpa i alle fall på å få litt fisk, og fisk vart det! Mykje fisk i garna kombinert med uerfarne fingrar, gjorde at det vart kveld før garna og fisken var ferdig reinska. Etter ein lang dag ute i det kalde regnet og to besøk frå vertskapet på turisthytta i Iungsdalen, var dei no erfarne fiskarane einige om at dei hadde fått nok fisk, og dei hadde frose lenge nok slik at garna vart hengt inn.
To høveleg fiskar vart plukka ut til å få vera med på å prøve steikjepanna. Etter ei vellukka utprøving av steikjepanna, vart dei to fiskane stappa ned i magana til dei no slitne fiskarane, som så bladde gjennom den før nemte hytteboka og blada ein gong til.
Morgonen etter var det å prøve å finne rett snøfonn, for å grava fram att fiskane som låg godt nedgrave i detta naturlege kjøleskåpet. Snøfonna vart funne der ho låg kvelden før, og fiskane låg også der. No vart dei grave opp att, for så å gravast ned i den eine ryggsekken og båre ned att til bilen.