Neste: 2.13 Storebottskarvet
Opp: 2. Eigne turar i
Forrige: 2.11 Garnfiske i Klevavatnet
Eg og systra mi bestemte oss eit år for å gå vestover fjellet til Aurlandsdalen som ei avslutning på påska. Turen var godt planlagt. Fyrste påskedag var planen å gå frå Slakteplassen til Iungsdalshytta. Dagen etter skulle me gå vidare over fjellet og ned til Stemberdalen øverst i Aurlandsdalen, der hadde me avtale om å verte henta med bil. Vêrmeldinga såg fin ut, og skiføret dagane før turen hadde vore særdeles fint, så alle teikn tyda på at det skulle verte ein fin tur over fjellet. Skiføret var fin, slett skare med eit tynt, litt laust lag oppå skaren. Frå Slakteplassen gjekk turen i fin skøytestil nordover Rødungen, Tvistvatnet, Buvatnet, Svaravatnet, Geitevatnet, Djupsvatnet, Iungsdalsvatnet og opp den bratte bakken til Iungsdalshytta. 25km, 80 meter stigning og svært raskt føre, slikt blir det ingen ordentleg dagstur ut av!
I staden for å ta kveld, vart me einige om å gå vidare som om det alt
var neste morgonen. No kom me til den einaste ordentlege motbakken på
turen. Det starta smått med 100 meter stigning på dei fyrste 5
kilometrane, for så å verte brattare med 300 meter stigning på dei
neste 5 kilometrane. Den neste halve mila over
Volavatnet til Kongshelleren
var av det flate slaget. Innan det vart kveld, var me komne til
Kongshelleren.
Ved Kongshelleren har turistforeinginga ei sjølvbetjent turisthytte. Her kunne me sjølvsagt ta kveld. Men det var bare att omlag ei mil til Stemmerdalen, så turen dagen etter ville verte litt snau. På grunn av at dei som skulle hente oss, kanskje kom i møte med oss, kunne me ikkje tenkje på å gå nokon omveg heller. Derfor bestemte me oss for å gjera oss ferdig med turen, slik at me kunne starte på ein ny tur dagen etter. Det som ellers kunne lokke ved hytta akurat no, var utan tvil mat. Nista var ete opp for mange timar sidan. Me hadde jo ikkje rekna med å gå verken så lenge eller så langt. Me lurte også på om me skulle sjå etter om det var vatn å finne ved hytta, men me fann ut at dette fort ville ta litt tid, og for fyrste gongen på turen hadde me ikkje god tid lenger. Me måtte koma oss ned til Stemberdalen før det vart mørkt, og me måtte få tak i nokon som kunne køyre oss ned til Aurland.
Me fortsatte dei 8,5 kilomterane til Steinbergdalshytta. Etter ein telefonrunde, var det endeleg klaff på å få nokon til å hente oss. Det går litt tid å køyre frå Aurland til Stemmerdalen, så i staden for å setje oss til å vente, gjekk med i møte. Utanfor vegen var det dårleg skiføre, og vegen var bar, så det vart å gå til fots. Etter 5,5km veg, kom me til ein kilometer lang tunnel. Der stoppa me. Nokre få minutt seinare kom skyssen.