Neste: 2.14 Haldalsnuten
Opp: 2. Eigne turar i
Forrige: 2.12 Frå aust til
Ein sein fredag ettermiddag stod eg klar ved Flævassdammen. Målet var Storebottskarvet. Etter litt om og men, fann eg endeleg stigen til Flæ. På Flæ valgte eg å fylgje grove som kjem frå Veslebotn. Halvvegs mot Veslebotn fann eg ein fin teltplass i omlag 1250 meters høgde.
Laurdag vakna eg til fint vêr, men det var noko overskya. Ettersom eg hadde tenkt å liggje på same plassen neste natt òg, let eg teltet og noko av utstyret vera att. Målet for dagen var høgaste toppen på Storebottskarvet. Klukka 9 var eg klar til å gå. Eg såg meg ut den finaste leia omlag rett mot toppen.
I botn oppi skarvet gjekk eg litt feil. Så i staden for å gå rett på toppen, gjekk eg rett på Veidemannsbu. Veidemannsbu er ein omlag mannshøg heller med oppmura lévegg. Denne helleren såg eg eit bilete av på ei utstilling av gamle bilete. Teksten til biletet den gongen var «På jonstølfjellet». Det same biletet er også attgjeve i eit hefte som heiter Landskapsnamn[12]. Denne helleren fekk eg lyst til å leite etter. Men Jonstølfjellet er ganske vidt, og langt frå allfarveg, så å byrje å leite etter ein slik heller, ville vera som å leite etter nåla i høystakken. No sette eg meg faktis rett på nåla.
Etter ein liten matbete, gjekk eg vidare på toppen. På grunn av lågt skydekke, særleg i nordvest, fekk eg ikkje så mykje glede av utsikta. Vidare gjekk eg ein liten tur bortom Langebottfjellet, før eg gjekk ned att i Dyrebotn og rundt under Storebottskarvet.
Ein gong for mange år sidan var eg ova Jonstølen og
såg på nokre dyregraver. Desse gravene ville eg finne
att for å fotografere dei. Dyregravene fann eg der eg venta å finne dei.
Det er 3 parallelle stryper som alle er stengt av med
leiegjerde, graver og bogastiller.
For å få litt utsikt att, gjekk eg bortom Nybunosi før eg gjekk attende til teltplassen. Eg kom til teltet ved 6-tida. Vêrmeldinga for sundag var ikkje mykje å glede seg over, så eg valde å pakke saman sakene og gå attende til bilen i løpet av kvelden, ein 2 timars tur som eg hadde god tid til. Vêrmeldinga skulle vise seg å stemme godt.