Neste: 2.15 Til fots rundt
Opp: 2. Eigne turar i
Forrige: 2.13 Storebottskarvet
Det var tanta mi, Borgny, og mannen hennar, Sigbjørn, som hadde satt seg føre å koma på alle trigonometriske punkt i kommuna. Haldalsnuten var ein av plassane dei derfor hadde satt seg som mål å koma på, og kanskje det trigonometriske punktet som er vanskelegast tilgjengeleg i heile Ål. Turen hadde vore planlagt i lengre tid med fleire fastsatte datoar som vêrmeldinga effektivt hadde satt strek over. Men til slutt vart det tur. Sidan eg hadde vore i området ved fleire anledningar og var viljug til å ta turen i lag med dei, vart det til at eg fekk jobben som kjentmann.
Me ankom Toviki litt før 7 om morgonen. Heime var det klarvêr, sol og 3-4°C, men så langt vest var det overskya, skodda låg nedi toppane og det bles kaldt. Gamlingane hadde på seg litt ekstra klede for at dei ikkje skulle fryse. Me får bare beklage dersom turistane som låg i telt like ved parkeringsplassen, vart vekte av at Sigbjørn sparka til tuten på bilen då han hadde på seg stillongsen.
Turen gjekk den vanlege ruta opp Klevaskardet og over Klevafjellet til Haslehiet, sjølv om gamlingane hadde meint at det skulle vera lettare å gå rundt. No var skylaget noko lettare, sjølv om skodda endå såvidt hang nedi toppane.
«So stod dei på brotet og såg ned mot Fødalen. Den grå himmelen hadde eit rift av blått langt i nordvest. Fødalsvatnet glimta til, som eit vakande auga i fjellheimen. Der, nede ved Haslehiet, gjorde dalen ein krok på seg og vida seg ut til ei fin kvelv. Fødalsåne som kom innanfrå dalen, og Halldalsåne som kom fossande frå vest, møttest inne i dalen, logna seg og rann i breie svingar gjennom vierrystene ned mot vatnet. Og rundt om reiste fjella seg. På bortsida av vatnet stod Systrandnuten som ei trassig nos, og til venstre for den kvitna det i Systrands foss. Gjennom opninga mot Halldalen såg dei dei høge attanfor. På austsida stod Hiberga og breia seg, sjølve felefransheimen.»
-Soga om Eivind Fredlaus[9]
Etter å ha kryssa Fødalsåne tok me ei lita matpause før Haldalsåne skulle kryssast. Etter som det ikkje er bru over Haldalsåne, og åne var ganske stor denne dagen, fann ikkje gamlingane annan råd enn å ta av seg på føttene og vasse. Sjølv greidde eg å hoppe over på steinane. Vatnet var nesten for kaldt å drikke. Vidare gjekk turen mot Systrandsbotnan, medan skylaget sprakk heilt opp, og sola kom fram. Før me kom så langt at me såg ned på Systrandstjørne, stoppa eg og fotograferte ei dyregrav. Så gjekk me langs kanten av nuten litt forbi kommunegrensa før me svinga tilbake mot toppen. Her oppe var det nysnø.
Sjølv om det var meldt tiltjukning til regn utpå ettermiddagen og det stadig kom kavar vestfrå, meinte me at me hadde god tid så me tok ein lengre veg ned att. Me gjekk til utosen i eit lite tjørn søraust for søre Haldalsvatnet for å eta. Så gjekk me vidare over ved utosen i søre Haldalsvatnet, over høgda til austre Flågrunnsvatnet, rundt dette og vidare over utosen i nordre Haldalsvatnet. Haldalshytta hadde fått eit påbygg denne sumaren, og me visste at det skulle vera folk der for å beise denne dagen, så me tenkte oss innom ein tur for å sjå korleis hytta tok seg ut. Beisaren hadde gått halvannan time før me kom, så hytta stod tom, men open, så me tok likevel ein titt innom.
Nede i Haldalen der enane møtest, stoppa me og tok ei matpause på ei fin grasslette ved åne. Me tok også ein tur burtom Haslehiet og nytte varmen frå sola, før turen gjekk over Klevafjellet attende til Toviki, der var me omlag kvart over 7 om kvelden. No sat teltarane og laga nonsmat, så me prøvde å ikkje få noko oppmerksomheit.