Neste: 2.17.1 Vestover
Opp: 2. Eigne turar i
Forrige: 2.16.3 Regn eller ikkje
Nokre gonger vert vegen til etterkvart. Eg kan fylle sekken med mat for 5-6 dagar og bare gå. Når eg føler at eg har nådd eit fjernt mål som kanskje vart til i løpet av den fyrste eller andre dagen, snur eg og går attende ein annan veg. Så dukkar det opp høvelege små avstikkarar etterkvart. Kanskje er det ein fjelltopp som eg har sett i det fjerne i mange år, og som eg no endeleg kan koma opp på, eller det kan vera ein plass eg bare har høyrt om på sikringsradioen i jakta.