Neste: 2.19.1 Nærøyfjorden og Frønningen
Opp: 2. Eigne turar i
Forrige: 2.18.5 Reineskarvet
Eg er ikkje heilt sikker på kva som er på langs og kva som er på tvers av Nordfjella. Men dersom ein reknar Nordfjella på langs, som ein del av Langfjella på langs, må Nordfjella på tvers verta i aust-vest-retning.
Ideen var unnfanga mange år i forvegen. Med litt gransking av kart, fann eg ved ein tilfeldigheit at mellom Aurlandsvegen og Lauvdalen, kunna eg finne ein nesten heilt rett, farbar trasé på snaue 6mil utan å krysse tekniske inngrep. I eit fjellområde som på mange måtar er dominert av store vasskraftutbyggingar, syntest eg dette var spesielt. Ein måtte riktignok svinge ein snau kilometer utanom den rette linja, for å koma på sørsida av det regulerte Kvevatn/Flågrunnsvatnet. Oppstrøms dette magasinet er alt vatn uregulert. På same måte måtte ein svinge eit par kilometer mot nord i forhold til den rette linja, for å passere nord for vegen i Mjolgebotn, men dette er ikkje større avvik frå linja enn det ein må rekne med for å koma rundt naturlege hinder som vatn og bratt lende. Kraftlinjer og synlege traktorsleper, er det heller ikkje etter denne linja. Etter å ha studert kart for andre delar av landet, fann eg ut at denne linja truleg er heilt unik i heile landet.
Etter som tida gjekk, avtok trangen til å gjennomføre turen mest mogleg etter den rette linja. Ein lengre tur vart til i tankane. Denne gongen fekk eg det for meg at eg skulle starte turen nede ved fjorden ein eller annen stad. Aurlandsvangen ville vera eit greit startpunkt, reint logistikkmessig. Dit går det rutebuss frå Hallingdal. Eit meir eksotisk startpunkt, ville vera Frønningen.