Neste: 2.6 Reineskarvet på langs Opp: 2. Eigne turar i Forrige: 2.4.20 September 2000

Nordfjella


2.5 Fredag den 13. og vinterbestigning av Gyrinostind

Vêrvarselet for resten av påska viste at det var langfredag me måtte bruke til langtur. På grunn av sosiale aktivitetar kvelden i fyryvegen, kom me oss ikkje spesielt tidleg ut om morgonen, men klukka var ikkje kome mykje over 11 då eg og svogern min var klar til å gå frå Randan. Då skiene var smurt kom det ein kjent bil køyrande. Dette skulle etterkvart endre planane for dagen. Jodå, me måtte høyre kvar tanta mi hadde tenkt seg. Dei hadde ikkje tenkt seg noko spesielt, men me tok likevel følgje, i deira tempo. På Lauvdalen ville dei eta litt. Tida hadde gått sidan sist me åt, så me valde å stoppe for ei matpause me òg. Dei hadde fortsatt ingen planar om kor dei ville, men det bar vidare bortover. Ved Kollerandan bestemte dei seg for å snu. Me var derimot fast bestemt på at me skulle vidare.

Planen hadde vore å krysse vatnet og ta ein tur opp i Jonstølfjellet, og det var den planen me fortalde om då me skilde lag. Me hadde derimot ikkje gått langt før planane vart endra. Det lei alt langt på dag, så me vurderte det slik at me ikkje kunne gå så veldig langt vidare før me uansett måtte snu. Nokon tur høgt opp i fjella burta vatnet var altså ikkje lenger aktuellt. For likevel å få ein litt ordentleg tur, foreslo eg derfor å svinge opp og nord på skarvet og dermed ikkje lenger vera avhengig av å gå same lange vegen attende.

Rupene bad om å verta fotograferte Ovafor Gravabotn heldt me på å verte alvorleg hefta av nokre ruper som det meir eller mindre krudde av. Me hadde kvart vårt kamera i sekken og freistinga var stor for å bruke ein time eller to på rupene. Skulle me derimot få oss ein ordentleg fjelltur, hadde me ikkje tid til slike utskeiingar.

Turen gjekk vidare oppover i Veslebotn der me stoppa for ein liten matbete att. Eg byrja for alvor å forstå att me kanskje ikkje skulle få tid til å nå bortom dei høgaste toppane. Me diskuterte derfor kor lenge me skulle gå før me måtte vende skituppane heimover att. Med det litt subbete føret, meinte eg at me måtte rekne me å bruke rundt to timar frå nørst på skarvet til Randan, kanskje meir. Me vart derfor einige om at klukka 6 måtte me snu uansett kor stutt det var att til toppen. Det tok ikkje lenge før me forsto att tida var for knapp til å rekkje opp på høgaste toppen. Då Gyrinostind kom til syne foreslo eg derfor at me heller skulle prøve oss på den toppen. Svogern var litt usikker, men ettersom det var eg som var kjentmann, hadde eg alle forutsetningar for å ha dei beste argumenta. Det var stuttare bort til tinden enn bort til høgaste toppen på skarvet, så moglegheita for å rekkje turen på den tida me hadde, var langt større. Sjølv om tinden er noko lågare enn høgaste toppen, kunne eg fortelja at utsikta var mykje meir imponerande, ikkje minst med tanke på at me heilt sikkert ikkje kunne rekkje nordom toppen med det trigonometriske punktet nordafor høgaste toppen. Utsikta var derimot over den sida av skarvet som svogern ikkje hadde sett så mykje av før. Han var fortsatt usikker og lurte på om eg trudde at kjerringa hans, altså systera mi, hadde vore på tinden nokon gong. Eg svara at eg ikkje trudde ho hadde vore der. Dermed var det bestemt. Ein titt på klukka viste derimot at tida var knapp, kanskje for knapp.

Då me stod ved foten av tinden, var det ikkje mange minuttane før klukka var 6. Einigheita om å snu seinast 6, vart raskt omgjort til like stor einigheit om å vente med å snu til me hadde nådd toppen. Skiene vart lagt att ved foten av tinden. Vel oppe på toppen, vart det fotografering av kvarandre med Hurrungane i bakgrunnen. Ein matbete tok me oss òg tid til. Klukka hadde gått ein halvtime over tida då me byrja å rusle ned att.

Svogern på Gyrinostind.

Eg måtte raskt innrømme at me kanskje kom til å bruke litt lenger tid enn me hadde meint. Eg hadde rekna med at me skulle vera på sørsida av Hestebotn, og at me derfor kunna la det gå av seg sjølv etter sida ut bottane. No var me på nordsida og måtte sleppe oss ned i djupaste botn og gå utover. Skiføret gav oss heller ikkje så mykje gratis som eg hadde rekna med. Det var noko laussnø, så eg måtte brøyte løype. Svogeren fekk gå bak fordi han ikkje var kjent, og derfor ikkje visste kva som var oppover og nedover.

I kroken kunna det vera fint å halde høgda utover, men her brukar det vera ei svær fonn utover mot åne. I denna fonna er det ofte ein skavl som hender at rasar ut. Eg er derfor aldri sikker på kor trygt det er å løpe oppi denne fonna. Kjem ein litt høgare kan ein trygt leggje løypa ovanfor fonna, men no var det enklaste å fylgje åne ut gjennom kroken. Her gjekk det så kvasst at eg tok sjansen på at svogern fann ut av kva som var nedover, sjølv om han vart litt etter meg og kanskje mista augekontakt. Nedanfor kroken vart det på ny flatt og farten minka raskt. Utpå kanten ned mot Skarvanstølen auka farten att. Føret var ikkje spesielt skarpt så me kunna sleppe oss ganske mykje nedover utan å bruke så mykje tid på å svinge att og fram. Dette resulterte i at me kom langt nedover utan å måtte svinge i det heile. Då eg endeleg bestemte meg for å svinge attende litt, så var det fordi føttene hadde vorte ganske lei av løype same vegen heile tida. Det vart ein liten tur attende før me på ny svinga heimover og heldt den retninga til me var nede på løypa. Då hadde sola gått ned, men klukka var ikkje meir enn ho skulle vera, takka vera at me ikkje hadde løypt så mykje i sikksakk. Me stoppa litt for å eta siste brødskiva. Gradestokken viste -10°C, så det var altfor kaldt til å tenkje på å ta av seg for å få på seg stillongsen, følgeleg var det om å gjera å halde oppe farten heimover for å halde varmen. Heimafor Reinedelet fekk me litt sol att utan at ho vermde så mykje. No hadde me sola oppe heilt til me var på Narvebakken. Dette var visst den dagen i løpet av påska med mest trafikk i fjellet, men ved å gå ein såpass lang tur på ein topp som nok ikkje vert besøkt så ofte, var me lite plaga av trafikken.


Neste: 2.6 Reineskarvet på langs Opp: 2. Eigne turar i Forrige: 2.4.20 September 2000
Valid CSS! Valid HTML 4.01! ©Asle Feten (Heimeside) (e-post)
2009-03-05