Neste: 2.8 Ein annan tur
Opp: 2. Eigne turar i
Forrige: 2.6 Reineskarvet på langs
Etter fleire dagar med mildvêr og tilsvarande frostnettar, var det naturleg med klister under skiene. Kva slags klister som var det rette, var det derimot litt ueinigheit om. Men ettersom kvar enkel smør sine eigne ski, kan dei òg bruke det klister kvar enkel finn mest freistande. Gode og dårlege erfaringar frå dei siste dagane hadde nok òg innverknad på valget.
Frå Randan var me fleire som gjekk i lag, men frå Lauvdalen var me bare att to. Så langt hadde det vore skavlete utanfor løypene, noko som gjer at ein gjerne prøver å følgje løypene når ein kan. Dagen før, hadde eg vore til Gyrinosen og erfart at det ikkje var så skavlete på den sida av skarvet. På Gyrinosvatnet var det heilt slett. Derfor hadde eg tenkt meg i same retning denne dagen.
Heilt flatt, slett og så hardt at ein nesten kunna gått utan ski. Når forholda er slik, er det lett å gå på ski. Då me gjekk forbi Gyrinosen byrja me å diskutere kor langt og kor lenge me skulle gå. Gamlingen skulle heim att til fjøstellet, så han kunne ikkje gå så mykje lenger. Sjølv hadde eg ingen hast med å koma meg heim. Slik vart det til at eg stoppa for ei matpause ved Vollegrove. Gamlingen fortsatte til Skålen og snudde der.
Eg hadde det klart for meg at eg ville opp i høgda på attendeturen, og eg hadde tenkt at eg kanskje skulle gå opp Vollebotn, gjennom Sandskardet og ut Hestebotn. Ettersom eg gjekk med klister, og eg venta at det skulle vera turrsnø høgare oppe, kom eg fram til at det kanskje var lurare å gå opp Storebotn ova Gyrinosen, slik at eg ikkje trong gå så høgt. Ved å gå litt på skrå der, vart det heller ikkje så bratt, slik at eg ikkje trong grise til fellene med klisteret.
På veg oppover frå Gyrinosen vart det til at eg gjekk opp i Veslebotn. Det var så bratt, og snøen var hard nok, så eg bar skiene opp. Oppe i Veslebotn kom eg på turrare snø, så eg måtte smørja om. Etter det gjekk eg i retning Sandskardet. Då eg kom så langt gjennom Sandskardet at eg såg utover i Hestebotn, fann eg ut at eg hadde tid til å løype ut Svorbotnan og sørover under skarvet. Dermed snudde eg att og løypte mot Svorbotnan.
Svorbotnan er kanskje den aller finaste leia ned frå skarvet, i alle fall på ski. Finast er det å løype ned på vestsida av Svori. Dersom ein har tenkt å gå sørover oppunder skarvet, er det viktig å ikkje sleppe seg for langt nedover. Svori går nemleg så djupt og med slike skavlar på begge sidene at det ikkje er mogleg å passere ho kvar som helst. Frå der Svori skjer seg ned ytterst i botnan og til like ovanfor stølane på Vallo er det bare ein plass ein kjem over. Det er like oppunder skarvet. Ved å løype ned på austsida kan ein derimot halde seg nokre meter høgare rundt Svaranuten. Dette gjorde eg no.
Ovanfor Blomestølen var det høveleg med ei matpause att. Medan eg satt der, var eg vitne til kor vanvittig rutevalg mange kan ta når dei ikkje er kjent. Opp frå Blomestølen er det ikkje så langt til dei høgaste toppane på skarvet, men det er bratt, styggeleg bratt, og ikkje heilt fritt for snøskredfare. Sumartid er det nok greit å gå opp her, men vintertid vil eg ikkje anbefale det. Det er i alle fall ikkje eigna å løype ned her på ski. Men det er alltid skispor opp og ned her i påska. At nokon kan finne på å gå opp her, kan eg faktis forstå. Det er ein kort veg. Det er bratt, men det betyr mindre, dersom ein likevel ber skiene, eller går med feller. Dei som prøver å koma ned her, trur eg gjer det fordi dei ikkje veit betre. Den aller finaste leia frå dei høgaste toppane, er å løype nesten rett i kompassretning nord, for så å runde ut botnan. Då går det av seg sjølv, og det går passe fort, heilt frå toppen og ned. Med gode ski, er det ingen problem å løype i kompassretning rett vest frå toppane, altså i retning der Svori skjer seg ned. Og det er slik dei fleste som ikkje er kjent, løyper, ettersom dette er den naturlege vegen å løpe for den som ikkje veit betre. Det nokon bommar på no, er at dei svingar mot venstre alt for tidleg. Det er kanskje heller ikkje så rart, for det ser nok ganske fint ut ovantil. Mange følgjer tilfeldige spor, og reknar med at der andre har gått, der må det vera framkomleg. Slik kan det fort vera mange som går i same fella. Problemet er at det bare vert brattare og brattare etter kvart som ein kjem nedover, og det er langt frå dei fleste som snur når dei skjønar at det vert for bratt. Denne dagen såg eg at det faktis var ein gangstig som snirkla seg oppover i brattaste berget. Nokre stadar hadde det rasa snø og kryssa stigen. Der oppe såg eg ein turist som gjekk nedover og bar skiene. Ein ting er at det var rein galskap å gå der, innsatsen kunne i verste fall vera livet. Ein annan sak er den moroa han gjekk glipp av, ved ikkje å løype på skiene der det er fint og ufarleg å løype ned. Sjølv om det hadde vorte eit par kilometer lenger, ville han likevel kunne spara tid på det.
Vidare gjekk eg forbi Vardehovda og innpå løypa ved Eitrestølen. No var det så langt på dag, at dei fleste nok var kome i hus for å kose seg med påskeeftangodteriet, og eg hadde løpa nesten for meg sjølv. Etter ein lang og varm dag med ein påfølgjande kald kveld, var føret i ferd med å verta farleg skarpt. Med nokre stavtak der det ikkje gjekk av seg sjølv, tok det ikkje lange tida å løpe via Reine og heimover mot Vatsvegen og vidare ned etter Hesteåni.