Neste: 2.9 På ski på Opp: 2. Eigne turar i Forrige: 2.7 Skitur rundt Reineskarvet

Nordfjella


2.8 Ein annan tur rundt Reineskarvet

Turen starta på Slakteplassen i ein dårleg samla flokk, sjølv løypte eg nedpå Rødungen medan dei andre gjekk løypa rundt. Det viste seg tidleg at føret var godt. Fast og litt laus, turr snø øverst. Over Rødungen skøyta eg lett og raskt. Då eg kom på løypa att ved Osestølen, måtte eg vente på dei andre, så eg nytta tida til å smørja skiene. Med dagens føre vart det blå ekstra under skiene.

Vidare gjekk turen over Tvistvatnet, Ragnhildtjørne og opp på Buvatnet. Ein i fylgjet hadde vore stor i kjeften og meint han kunna gå nordover votne så langt det var vatn, men ettersom han skulle heim til fjøsstell, vart det mest oppfatta som ein spøk. For å dra spøken heilt ut, sa eg at viss han rekk å gå til Iungsdalen, skal eg gå over til Skålen og rundt skarvet. Ellers var planen min å gå opp Svorbotnan og sør skarvet.

«Hallidn, Vallidn, Geitevasstølen.
Karka og Svore og Dyrebottåne.»

-Gamal gjetarregle[10]

Ved Vallo vart det matpause ved eit båthus. Ettersom ingen hadde tenkt å snu endå, vart det heller ikkje til at eg svinga opp i Svorbotnan, men fylgde med vidare nordover Svaravatnet og Geitevatnet. No hadde dei to sprekaste bestemt seg for å få opp dampen for å nå lengst mogleg før dei skulle snu. Sjølv vart eg med baktroppen til me var nedpå Djupsvatnet. Her vart me ståande til me så at dei to andre hadde snudd i Djup. Då snudde dei andre òg, og eg gjekk vidare mot Djup. Midt utpå vatnet møtte eg dei to som no hadde vorte bakerst og kunna fortelje kor dei andre hadde snudd, og at eg hadde bestemt meg for å gå over til Skålen og rundt skarvet.

Like nedanfor Djup stoppa eg ved eit vasshol for å drikke og fylle vassflaska. Her la eg òg fellene under skiene for å kunne gå lettast mogleg oppover mot Djupsbotn. Litt ovanfor Djup kom eg nært innpå ei rupe så eg fekk fotografert litt. Vidare hadde eg valget mellom å fortsetje innover Djupsbotn til Klypesgjenget og bratt ned i Skålen like nord for Søre Skålanuten, eller å svinge nordom Fjellanbergi og løype ned i Skålen innanfrå. Eg valde det siste. Omlag då det flata ut att etter oppstigninga, kom eg på eit skispor. Ettersom det var litt meir nysnø her enn tidlegare på turen, var det høveleg å fortsetje i sporet som såg ut til å føre meg dit eg ville. Sporet gjekk så vidt utpå Julsennvatnet før det svinga mot Skålen og passerte få meter frå Venehallshytta. Vidare gjekk sporet rett aust til den merka sumarstigen og fylgde omlag denna ned i Skålen.

Nørdre Skålanuten.

Nede i Skålen gjekk eg oppom gjetarbua og åt litt niste i solveggen der. For mange år sidan hadde eg vore med på ein lang skitur gjennom Skålen. Den gongen gjekk me frå Skålen halv 6 og bare såvidt rakk heim før mørket. No gjekk eg frå Skålen klukka 5. I Skålakjaften stoppa eg for fylle vassflaska att, for her var det ope vatn.

Eit stykke etter Skålen syntest eg at skisporet eg hadde gått etter, hadde fått litt feil retning, så eg svinga av og mot Gyrinosen. For at turen ikkje skulle ta lenger tid enn naudsynt, gjekk eg nedpå Gyrinosvatnet og gjekk på vatnet til Gravabotn. Frå Gravabotn stig det 100 meter til Klype, fordelt over 5-6km. Det er ikkje bratt, men det stig jevnt så lenge at det kan karakteriserast som noko keisamt etter ein lenger skitur. Sola hadde gått ned og det var merkbart at det ikkje var fullt dagslys lenger. Heimover løypte eg beinast råd, fyrst løypa heimover til garasjen så gjennom Snøfonndalen nedpå løypa frå Reine og denna løypa nedpå vassvegen. På Fjellstølmyran kom sola så vidt fram att norda skarvet før eg løypte ned i skogen og heim.


Neste: 2.9 På ski på Opp: 2. Eigne turar i Forrige: 2.7 Skitur rundt Reineskarvet
Valid CSS! Valid HTML 4.01! ©Asle Feten (Heimeside) (e-post)
2009-03-05