Neste: 2.9.1 Brea i mars Opp: 2. Eigne turar i Forrige: 2.8 Ein annan tur

Nordfjella


2.9 På ski på Brea

Brea er ikkje den toppen eg har satt så mange skispor på. Sjølv om eg gjerne tek fleire turar oppom kvar sumar, rakk eg nesten å verte 26 år gamal før eg kom oppå Brea vinterstid. Unnskyldninga for ikkje å ha vore der tidlegare, er uklar. Eg trudde lenge at unnskyldninga skulle vera at det er dårleg med snø på toppen. Då eg endeleg kom oppå toppen, var derimot snøforholda dårlege over alt i fjellet og likevel var det mogleg å ta seg opp på og over Brea på ski. Seinare har eg vore der på ski både i desember og juni utan nokon som helst problem. Ja, det kan sjå ut til å verta eit årleg skiturmål.





Valid CSS! Valid HTML 4.01! ©Asle Feten (Heimeside) (e-post)
2009-03-05