| Historia om Oktober Rock i Ålvik |
Grunnleggarane til dette fantastiske tiltaket starta med at herrane Einar Skjervheim og Pål Werner Larsen tilbake i 2001 ville ha eit påfunn til å ha ei gjenforeining med gamlebandet sitt Luzelle, og samle andre band og venner for ein hyggekveld med god musikk og fest. Dei er begge utflytta Ålvikarar, men ville at det skulle bli arrangert her. Ålvik og Kvam har ein god historie når det kjem til oppfostring av gode rockeband, og for interesserte bør de sjekke ut den doble cd-utgivinga ”Rock og den slags…” frå Kvam (ta kontakt med Ålvik Rock for kjøp av cd). Så ideen vart skapt med det, og ein av intensjonane var at det skulle skje i Ålvik og at det skulle vera lokale band frå Ålvik/Kvam/Hardanger og omegn representert. Slik at gamle velkjente band som vel som nye lokale artistar/band skulle få ein sjanse til å vise seg fram. Men også band utanfrå vart invitert. Det starta i det små, og har sakte men sikkert vakse seg litt større etter kvart fram til dags dato. Men hovudintensjonane har alltid vore på plass, nemlig å få arrangementet til i Ålvik og at lokale band og grupper skal få opptre, samtidig så vel som meir profilerte artistar/band også utanfrå vert invitert. Ålvik Rock vart stifta i 2006. Det er eit lag som vil vidareføre denne arva som til no har vore arrangert på privat og frivillig interesse, av lokale eldsjeler som har ønska å skapa noko i bygda, og få fram eit alternativt tilbod til folket her i Ålvik i Hardanger. Dette for å bli enda betre på det vi gjer, og for å fremje rocken og kulturen rundt det. Vi ser på dette tilbodet som noko unikt her i Hardanger. Moglegheiter for å arrangere konsertar og festivalar andre tider på året er også vårt framtidige mål. Oktober Rock namnet har vi framleis, men no er det i regi av Ålvik Rock.
PROGRAMHISTORIE OKTOBER ROCK - ÅLVIK PROGRAM Lør. 18.okt. 2001 Folkets Hus – Ålvik
PROGRAM Lør. 19.okt. 2002 Folkets Hus – Ålvik
PROGRAM Lør. 11.okt. 2003 Folkets Hus – Ålvik
PROGRAM Lør. 9. okt. 2004 Folkets Hus – Ålvik
PROGRAM Fre. 21. okt. 2005 Folkets Hus – Ålvik
Lør. 22. okt 2005 Folkets Hus – Ålvik
PROGRAM Lør. 21. okt. 2006 Folkets Hus - Ålvik
PROGRAM Lør. 06. okt. 2007 Folkets Hus - Ålvik
|