Nyhende

04.03.2009

Skjærtorsdag, 9.april blir det konsert i regi av ÅlvikRock, og denne gongen er det Absinth frå Telemark som skal spele. Dei speler rock i beste Dum Dum Boys-stil, og musikken deira kan du høyre her. Konserten blir på Øvreviken Pub i Øystese. Dørene opnar kl 19, og konserten byrjar kl 22.

26.02.2009

Laurdag 9 mai kjem JORN til Ålvik i anledning Ålvik Rock Kick-Off 2009! Jørn Lande blir sett på som ein av verdas framste hard rock-/metalvokalistar, og blir ofte samanlikna med David Coverdale. Han har sunge i bl.a. Masterplan, Ark og Yngwie J. Malmsteen. JORN kan du høyre her (myspace). Konserten blir på Folkets Hus. Dette blir bra, så møt opp!

10.11.2008

Ålvik Rock 2008 er overstått, og me ser allereie fram til neste år! Datoen for Ålvik Rock 2009 blir 10 oktober. Den 16 mai blir det igjen kick off, og det vil bli meir informasjon om det arrangementet etter kvart.

19.09.2008

Det vil også bli eit surprise band på Ålvik Rock!

03.09.2008

Flyer med full line-up, billettprisar osv lagt ut under "Program"!

24.08.2008

Då er programmet for Ålvik Rock 2008 klart! Følgande band stiller på Folkets Hus:

Highland Glory
Vulture Industries
Anger Management
Wasteland  

16.06.2008

Bilete frå kick-off lagt ut.

15.06.2008

Kick-offen var ein suksess, og det vart annonsert at Highland Glory og Vulture Industries skal spele på Ålvik Rock 4 oktober! Fleire band blir annonsert etter kvart.

09.05.2008

Laurdag 24 mai blir det Kick Off fest på Øvreviken Pub i Øystese! Unshaved Women speler ein gig med kjente rock'n'roll covers og opplegg til jam om ynskjeleg. Me vil også annonsere nokre av banda som speler på Ålvik Rock 2008. CC blir 100kr. Blir bra, så møt opp folkens!

Har retta opp ein feil i galleriet, så no er bileta frå 2007 tilgjengelege.

24.04.2008

Fleire sliter til tider med å komme inn på sida, og at det går treigt. Har no skifta server, og forhåpentlegvis blir det meir stabilt no.

23.04.2008

På tide med ein oppdatering! For dei som brukar Facebook kan ein no sjekke ut "eventen" Ålvik Rock 2008, laga av Lars Gunnar. Frå før av har Raymond laga gruppa Ålvikrockens venner. Det er no lagt ut bilete frå i fjor i galleriet. Årstalet på sida blir snart oppdatert.

17.02.2008

Datoen for Ålvik Rock 2008 blir laurdag 4 oktober!

11.10.2007

"Heey folkens! So var Ålvik Rock 2007 over for denne gang, men fytti så morro da var, kjempe bra!!! Eg vil retta ein stor takk til styret i Ålvik Rock, dei frivillige og vaktane som gjorde ein kjempe jobb, Odda Lyd & Lys, Backline Tech Bergen, Øvreviken Pub, alle bandene og artistene, alle sponsorer og hjelp me ellers har fått. Får håpa ikkje eg har gløymt nokon...sist men ikkje minst vil eg retta ein stor takk til eit suverent publikum som laga ein veldig god stemning, detta var noko fleire av bandene påpeika også, da e så bra å høra!!! Tusen takk! Me i Ålvik Rock styret takka for i år, og me gledar oss allerede til neste år! Snakkes!"

- Tommy

30.09.2007

Då er det under ei veke att til Ålvik Rock!

Som fleire sikkert har fått med seg, er det begrensa med overnattingsmuligheter i Ålvik. Men ifølge langtidsvarselet blir temperaturen brukbar, så overnatting i telt bør gå fint

03.09.2007

Då er endeleg programmet klart ! Line-upen blir som f�lger:

Meir info kjem etter kvart under "Program".

28.08.2007

Audrey Horne skal spela på årets Ålvik Rock! Ny plate er ute no, og den har fått glimrande anmeldelsar (bl.a. 5/6 i Scream Magazine og Monster, og 9/10 på heavymetal.no. Blir bra! Følg med her framover for fleire oppdateringar.

28.08.2007

Ålvik Rock søker etter frivillige til hjelp på festivalen! Har du lyst å hjelpe til, ta kontakt med Tommy på tlf: 90 82 04 49, eller e-post. Me setter stor pris på den hjelpa me kan få!

22.08.2007

Kontaktinformasjon oppdatert med riktig telefonnummer.

25.07.2007

Oppdatert med lenkeseksjon (blir større etter kvart) og mulighet for å kjøpe merchandise (sjekk Merch på menyen). Pga nye sider måtte eg lage til ei ny knapperad, som ikkje er fullt så sexy som den forrige. Men den fungerar 100%!

11.07.2007

Nokon som kjenner igjen desse galningane? ;-)

14.06.2007

Neste band på plakaten er Duckwalk Chuck frå Sandnes. Dei spelte på Oktober Rock i 2004, og ga Ålvik-publikumet ein minneverdig oppvisning i beintøff Rock'n'Roll! Sjekk ut heimesida deira her.

16.05.2007

Me kan no bekrefte av Breed kjem til å spele på Ålvik Rock 2007!

24.04.2007

Datoen for �lvik Rock 2007 er 6 oktober! Og me kan allereie nevne at Luzelle kjem til � spele.

17.04.2007

Lenge sidan forrige oppdatering, men no kjem til å skje meir på sida framover. Gjesteboka var, som fleire har lagt merke til, full av feil, og låg i tillegg på ein treig server. Har difor oppretta ei ny gjestebok. Dei som ynskjer å lese innlegga i den gamle gjesteboka kan trykke her.

Webdesigner skal fikse ny knapperad med merchandise- og lenke-del så snart som råd.

18.12.2006

Domenet er no ferdig registrert, og den nye adressa er www.alvikrock.no.

14.11.2006

Takk til alle band, sponsorar, crew og ikkje minst dei frammøtte for å gjera Ålvik Rock 2006 til ein suksess!

Galleriet er no oppdatert med bilete frå Oktober Rock 2003 til 2006. Takk til alle som har bidratt med bilete! Men me ynskjer framleis fleire (særleg frå 2001-2003), så send bileta til oss om dykk har noko. Elles kan eg nemne at me har fleire t-skjorter att, fråbåde i fjor og i år, og opnar difor snart ein merchandise-del på sida. I tillegg vil det kome ein lenke-seksjon, med lenker til mellom anna Ålvik Rock-relaterte band.

17.10.2006

Oppdatert med historia til Oktober Rock.

16.10.2006

Lagt til 20 nye bilder i galleriet.

14.10.2006

Ei veke igjen no! Erstatning for Breed er Wild Side, eit Mötley Crüe tribute band frå Skien.

07.10.2006

Då var endeleg sida oppe! Er kun to veker til festivalen no, så det var på tide. Me ventar framleis på å registrere domenet alvikrock.no, men det kjem etter kvart. Av andre nyheter kan me nevna at Breed har avlyst konserten på Ålvik Rock pga at dei skal i studio og spele inn ny plate den helga. Det vil bli ein erstattar, men det kjem me tilbake til seinare.



{ background: url(images/web_08.gif) no-repeat fixed }
Nyheter

17.04.2007

Lenge sidan siste oppdatering, men no kjem til å skje meir på sida framover. Gjesteboka var, som fleire har lagt merke til, full av feil, og låg i tillegg på ein treig server. Har difor oppretta ei ny gjestebok. Dei som ynskjer å lese innlegga i den gamle gjesteboka kan trykke her.

18.12.2006

Domenet er no ferdig registrert, og den nye adressa er www.alvikrock.no.

14.11.2006

Takk til alle band, sponsorar, crew og ikkje minst dei frammøtte for å gjera Ålvik Rock 2006 til ein suksess!

Galleriet er no oppdatert med bilete frå Oktober Rock 2003 til 2006. Takk til alle som har bidratt med bilete! Men me ynskjer framleis fleire (særleg frå 2001-2003), så send bileta til oss om dykk har noko. Elles kan eg nemne at me har fleire t-skjorter att, fråbåde i fjor og i år, og opnar difor snart ein merchandise-del på sida. I tillegg vil det kome ein lenke-seksjon, med lenker til mellom anna Ålvik Rock-relaterte band.

17.10.2006

Oppdatert med historia til Oktober Rock.

16.10.2006

Lagt til 20 nye bilder i galleriet.

14.10.2006

Ei veke igjen no! Erstatning for Breed er Wild Side, eit Mötley Crüe tribute band frå Skien.

07.10.2006

Då var endeleg sida oppe! Er kun to veker til festivalen no, så det var på tide. Me ventar framleis på å registrere domenet alvikrock.no, men det kjem etter kvart. Av andre nyheter kan me nevna at Breed har avlyst konserten på Ålvik Rock pga at dei skal i studio og spele inn ny plate den helga. Det vil bli ein erstattar, men det kjem me tilbake til seinare.