|
Neste arrangement:
ABSINTH, 9 april Skjærtorsdag, 9.april blir det konsert i regi av ÅlvikRock, og denne gongen er det Absinth frå Telemark som skal spele. Dei speler rock i beste Dum Dum Boys-stil, og musikken deira kan du høyre her. Konserten blir på Øvreviken Pub i Øystese. Dørene opnar kl 19, og konserten byrjar kl 22. JORN, 9 mai
Laurdag 9 mai kjem JORN til Ålvik i anledning ÅlvikRock Kick-Off 2009! Jørn Lande blir sett på som ein av verdas framste hard rock-/metalvokalistar, og blir ofte samanlikna med David Coverdale. Han har sunge i bl.a. Masterplan, Ark og Yngwie J. Malmsteen. JORN kan du høyre her (myspace). Konserten blir på Folkets Hus. Meir info etter kvart. Dette blir bra, så møt opp! |