Ni par frå Bjerkreimringen var med Gruppe Kvitlen på denne turen som var lagt opp av Ingolf Gjedrem. Fredag 14.2. landa me på O`Hare flyplassen i Chicago der me seinare på dagen hadde framsyning i Scandinavian Club. På laurdagen vitja me først Sons of Norway - Arlington Lodge og folkedansgruppa Heimhug før me la i veg med buss nordover til Stoughton. På sundagen var med på gudsteneste i Midvale lutherske kyrke i Madison der fleire av dei som var med fekk møta både fjerne og nære slektningar. Grieg mannskor song "Ja vi elsker" og "Norge mitt Norge" til ære for oss. Her hadde me og ei danseframsyning. Så var det busstur rundt omkring i Madison, hovudstaden i Wisconsin, med flott Capitol byggverk , universitetshospital og høgskular. Så gjekk turen til Cambridge for å sjå på den 8000 mål store farmen til Clara og Helmer Vasby, etterkomarar av Vassbø-slekta i Bjerkreim. Deretter bar det attende til hotell i Chicago.
Måndag starta med sightseeing i Chicago, teknisk museum og Sears Tower, før bussen sette kurs sørover til Lincoln der me møtte vertsfolka me skulle bu privat hjå resten av opphaldet. Her hadde David Kvitlen lagt opp eit fantastisk program med:
Sundag 23.2. tok me farvel med vertsfolket og starta heimreisa med buss til Chicago. Flyturen heim gjekk og fint. Vel heime skilde me lag med dei andre frå Kvitlengruppa etter ein 100% godt planlagt og vellukka tur. |
Mesteparten av deltakarne utanfor hotellet i Stoughton | Frå Vasby Farm i Cambridge |

Møte med president Lincoln i Lincoln by | Utanfor Clinton atomkraftverk | Nokre av deltakarane saman med guiden inne på atomkraftverket |

Hjå armish-folket i byen Arthur var det hestekøyretøya som dominerte |