Historien til BUL Bodø
BUL Bodø vart skipa i 1932. I dei 70 åra som har gått har mykje skjedd, både i laget og samfunnet ellers. I laget var det folkeopplysningstanken og samfunnsengasjementet som låg til grunn frå starten og til ut på åttitalet. I praksis skjedde dette mellom anna gjennom åpne lagsmøter der aktuelle tema vart tatt opp. Komitear førebudde møta og det var foredragshaldarar og allmenn diskusjon. Også i studiearbeidet tok ein for seg emner som kom inn under begrepet folkeopplysning.
Av kulturelle aktivitetar var nok arbeidet med folkedansen, både for barn og vaksne, det laget lukkast best med, sjøl om det også vart gjort forsøk med amatørteater.
Laget var også engasjert i forretningsdrift. Dette galt Kaffistova i Bodø som laga i Salten også hadde andelar i. Denne gjekk etterkvart dårleg og i eit forsøk på å redde kafeen overtok BUL alle aksjane i byrjinga av syttitalet og dreiv nokre år Kaffistova. Dessverre enda dette med at laget miste både kafedrifta og lokalitetane. Og i nesten heile historia til laget har ein hatt drifta av Erlingbu. Først som leigetakar og så som eigar frå 1984. Lagshytta har spela ei stor rolle både for medlemmene og laget.
I seinare år har laget konsentrert seg meir og meir om dei kulturelle aktivitetane; folkedans og teater for barn og vaksne. Lagsmøter og andre samlingar for heile laget har det blitt mindre og mindre av. Unntaket har vore julebordet for medlemmer og innbedne. Utviklinga mot aktivitetsretta drift tok fart då lagsdrifta vart omorganisert. Styra for aktivitetane, leikarringen osv. vart nedlagt og ein fekk eit utvida hovedstyre med ansvar for alle særgreinene. Målet var nok å samle laget, for dermed å styrke fellesskap og lagsånd, men ein kan ikkje sei heilt å ha lukkast. Men gjennom dei siste ti åra har likevel BUL Bodø stått fram som eit sterkt og aktivt lag.
Hendingar i laget:
1932 - Laget vart skipa (Jakob Valen første formann)
1933 - Laget starter opp med Kaffistova
1933 - Laget skipar leikarring (fru Gudrun Larsen er leiar)
1954 - BUL blir med i felles leikarring med GUL Symra
1955 - Laget inngår avtale med BOT om leige og drift av Erlingbu
1963 - Landsstemne i Bodø
1969 - Lagets til no yngste formann, Jon Karl Eide (18 år)
1970 - Laget overtar drifta av Kaffestova (1970 – 1976)
1972 - Idrettslaget i BUL blir skipa
1973 - Barnearbeidet blir organisert i eit barnelag
1976 - BUL skipar eigen leikarring
1980 - Hunstad Ungdomslag overtar BUL`s barneleikarringar på Hunstad
1980 - Leikarringen drar til Frankrike på Folkedansfestival
1982 - Teaterinteresserte prøver å få i gang teatergruppe
1982 - Første julebordet (på Skihytta)
1984 - Teatergruppa har premiere på ”Under byens gater”
1984 - Laget kjøper Erlingbu av BOT
1986 - Lagets økonomi blir samla. Særgreinenes kasser avsluttes.
1987 - Første barneteatergruppe i laget. Instruktør Susanne Lundeng.
1991 - Omorganisering av laget. Særgreinsstyra nedlegges.
1991 - Leikarringen deltar på Framsyningskappleik (Odda)
1992 - Teatergruppa viser ”Elskovsdrikken” på Landsstemnet i NU (Leknes)
2000 - Teatergruppa startar opp med ny barnegruppe
Denne lista er sjølsagt ikkje fullstendig. Dei viktigaste hendingane er kanskje gøymt mellom linjene. For mange har dei ”kvardagslege” opplevingane i lagsmiljøet hatt vel så mykje å sei for trivsel og tilhørigheit til laget.
Ein fyldig gjennomgang av lagshistoria er å finne i dei tidlegare jubileumsskrifta som vart utgitt då laget fyllte 50 og 60 år.
Det er å håpe at styrefolk og andre medlemmer set seg inn i historia til laget. Med kunnskap om fortida er det lettare å skjøne samanhangen i det ein gjer for så kunne stake ut kursen vidare.