|
 Andeby
| * Andeby vart grunnlagt i 1579 (då under namnet Drakebourg) og hadde i
1973 10.000 innbyggjarar, men
ved siste oppteljing var det ca. 350000 innbyggjarar. |
| * Offisielt snakkar dei engelsk i Andeby, men dei skiftar språk i
Donald-blada. |
| * Det mest kjende monumentet i Andeby er Skrues pengebinge, som har 100 års jubileum i 2002. Den er diverre ikkje
open for nokon. Det anbefalast å besøkje den berømte Notre Duck-katedralen. Eit anna kjend monument er dei store statuane av Kornelius Kvakk. Ein fotballkamp på Tullevoll stadion er ikkje
til å gå glipp av for fotball (og Andeby) fans. |
| * Dyre - og plantelivet i Andeby er heilt ulikt frå andre byar og land. Det lever både
puma, fjelløve, slangar, alligatorar, lemen, skilpadder og gråbjørn her, og det er observert ein griff i Andeby. Det veks mykje
tornebuskar i Andeby. Den vanlegaste tresorten i Andeby er lauvtre, men om jula er det mest bartre.
|
Tilbake til forsida |