|
Andeby i verdsrommetDonald, Skrue og Petter Smart har vore mange gongar ute i verdsrommet. Dei har reist med alt i frå katapultrakettar (ikkje fullt så vellykka) til romskip (veldig vellykka). I ein Barks-historie frå 1962 ville Skrue finna ein asteroide til å lagre pengane sine på. Donald måtte testa ut ein god del farlege asteroidar før dei endeleg fann ein som passa. Dei kunne likevel ikkje bruke denne for der levde det nokre menneskeliknande romvesen. Dette enda med at dei måtte hjelpe romvesena over på naboplaneten etter å ha skremd bort det einaste dei åt. Ein anna gong sloss dei med romvesenet Rebus. Det har hendt to gongar at det er oppdaga gull på månene eller andre planetar. Dette ender sjølvsagt med at heile Andeby prøver å komme seg til månen. Då Donald helte det sjølvproduserte stoffet "Donalditt" på tanken på ein rakettklarte han å steike ei kalkun heilt perfekt ved at ho vart hengjande på spissen framme på raketten. Tilbake til forsida |