|
Andebys klima Andebys klima
er veldig varierande og difor får meterologane ei svært
vanskeleg oppgåve med å spå været. Våren
i Andeby er veldig fin til drakeflyging, fisking og perfekt til
ein landtur medan sommaren er usedvanleg varm i Andeby. Ein sommar
annonserte ein restaurant at det var 20 grader varmare ute enn inne.
I løpet av sommaren er det ofte stormar og uvær. Det
er alltid mykje vind om hausten i Andeby, og det fôrårsakar
eit stort antal bortblåste hattar og aviser medan vinteren
er veldig kald med mykje snø og snøstormar. Det flyr
veldig mange vêrballongar rundt over Andeby og dette redda
livet til Anton Antonsen då han
fall ut av eit fly etter at flyveggen til venstre for Anton vart
reven bort som fylje av at ein meteor trefte den. Det forekommer
veldig ofte tornadoar og tropiske orkanar. Innbyggjarane io Andeby
klussar ofte med været med f.eks. snøfjernarar, solmakarar
og regndansar. Tilbake til forsida |