|
Arpin LusèneArpin Lusène vart fyrst sett i historia "Den sorte ridder" av Don Rosa i 1998. Han er ein gentlemanstjuv frå Frankrike. Han er aldri blitt dømd, men har stålet ting som er verd veldig mykje opp igjennom åra. Han arbeider alltid aleine, og utroleg diskré. Han rana til dømes banken i Mento Corla mens han spelte bridge eller då han rana den berømte kunstgallerirestauranten, då alle måleria vart fjerna mens han åt ein 3-rettars middag der. Han er også ein utroleg lommetjuv. Han stel så å seie alt! Som då han stal glødetråden frå blitslyspæra til ein fotograf! Han kler seg som ein gentleman, med hatt, dress og stokk, og elskar å vekka beundring. Ein gong ville han ikkje rana Skrues pengebinge berre fordi "Kanal 3" ikkje ville filma han. Når han stel kallar han seg sjølve "Den sorte ridder" eller "Le Chevalier Noir". Han likar utfordringar. Tilbake til forsida |