Andeby

Figurprofiler

Forfattarprofiler

Stamtre

Ta Andebytesten

Andre artiklar

Lenkjer

Om AI

Kontakt AI

Skriv i AIs gjestebok


Bestemor Duck


Anna Duck, betre kjend som Bestemor Duck, ble for fyrste gong sett i ei avisstripe i ei amerikansk avis den 11. august 1940 på eit bilete på Donalds vegg. Ho kom til Noreg for fyrste gong i 1949. Ho har alltid hatt dei same kleda som då (om me ser bort i frå festar og andre spesielle anledningar). Ho er gardsbrukar og bur rett utanfor Andeby i lag med gardsguten Guffen Gås og mange dyr. Hobbyen hennar er handarbeid og baking, og ho har vunne den årlege bakekonkurransen kvart år sidan ho vart med for fyrste gong, til tross for sabotasje. Clinton og Gjertrud Kvakk var far og mor hennar og ho var gift med Hilmar Duck. Ho har borna Eddy Duck, Dora Duck (Antons mor) og Didrik Duck (Donalds far). Ho er ikkje Skrues syster, slik som mange trur. Sjølv om alle kallar ho for bestemor er ho eigentleg berre bestemora til Stokkstein Duck, Klodrik Duck, Anton Duck, Donald Duck og Della Duck.

Tilbake til forsida