Andeby

Figurprofiler

Forfattarprofiler

Stamtre

Ta Andebytesten

Andre artiklar

Lenkjer

Om AI

Kontakt AI

Skriv i AIs gjestebok


Dolly


Dolly Duck er kjærasten til Donald Duck, noko dei aller fleste veit, men ho flørtar også mykje med Anton Antonsen. Det virkar likevel som om ho alltid kjem tilbake til Donald. I ein film frå 1940 vart namnet hennar høyrd for fyrste gong. Ho har bursdag den 9 januar medan ho vart "oppdaga" i Norge fyrst i 1949. Dolly har ingen "offentlig" kjende slektningar bortsett frå nokre tanter som besøkjer henne i ny og ne og dei tre niesene Hetti, Netti og Letti. Ho går alltid i rosa sløyfe, ein bluse og sko med høge hælar. Ho likar (som andre kvinner) å pynte seg. Ho bor aleine i eit hus i nærleiken av Donalds hus. Ho har aldri nokon fast jobb, men har vore sekretær, journalist og mykje meir. Dolly er også medlem av strikkeklubben ( som består av Klara Klukk, Klara Ku og Dolly). Ho er veldig kjend for dagboka ho skriv.

Tilbake til forsida