Andeby

Figurprofiler

Forfattarprofiler

Stamtre

Ta Andebytesten

Andre artiklar

Lenkjer

Om AI

Kontakt AI

Skriv i AIs gjestebok


Donald Duck


Donald Duck har fascinert mange barn (og vaksne) på den tida han har eksistert. Han kom til Norge i desember 1948 og er ei optimistisk and som alltid går i matrosdress med sløyfe, og utan sko og bukse. Han har alltid dårleg økonomi og hamnar alltid i håplause situasjonar. Om natta kler han seg ut som Fantonald og er Andebys beskyttar, men om dagen er han ei klønete and igjen. Donald er vel best kjend for sine fantastiske raseriutbrot, som den gongen han skulle underhalde foreldrelause born. Dei syntes ikkje han var særleg morosam, så det heile enda med at Donald eksploderte i eit av sine vanlege raseriutbrot. Dette var i filmen "Donald som skuespiller". Donald er son av Didrik Duck og Lillegull McDuck (syster til Onkel Skrue) og har ei syster med namnet Della Duck. Dolly, Donalds kjæraste, bur i nærleiken av Donald. Han har hatt utallege yrker, for eksempel som pengebrukar for Onkel Skrue(!) Dette var då Onkel Skrue måtte kvitte seg med masse pengar i 1953. Donald klarte å bruke 30 tonn pengar på 2 veker, men då skifta han også bil heile tida, slik at den passa til landskapet. No har han nokolunde fast jobb på margarinfabrikken. Donald likar å fiske, og har til og med laga sine eigne fiskekrokar der han skar inn namn, adresse og telefonnummer. Han har reist verda rundt og har vore i Norge to gongar. Han var blant anna med på å oppdage ein dal i Andesfjella der firkanthønsa lever, og han fann ein gong ein gullhjelm som gjorde ham il eigar over Nord-Amerika heilt til Ole, Dole og Doffen klarte å fjerne hjelmen. Telefonnummeret til Donald er ???024711.

Tilbake til forsida