|
Donald i ville vestenDonald har vert i "ville vesten" fleire gongar her har eg lista opp nokon av dei stadane han har besøkt: Kvikkmikk-elva. Her prøvde Donald å selje eit damporgel til indianarane.
Tucson. Her var Donald i lag med onkel Skrue, Ole, Dole og Doffen. Onkel Skrue fortalde dei om då han var der for fyrste gong, og skulle reise med diligencen.
Rocky Mountains. Donald prøvde å temme ein vill fole på ein ferieranch. Er det nødvendig å fortelja dykk at det ikkje gjekk så veldig bra?
Kakimawi-reservatet. Donald prøvde å tena litt pengar på å leke medisinmann og lure onkel Skrue til å skrive under på ein avtale ved hjelp av eitt hol med regnpulver.
Kuledalen. Donald leiker sheriff. Han klarer faktisk å fange nokre skurkar ved hjelp av kne han har sett på cowboyfilmar i timevis.
Kaktussletta. Her er Donald grensevakt ved grensa mot Mexico.
Laguna Mountains. Her leita Donald etter den gamle Peg-Leg-gullgruva vest i fjella.
San Joaquin-Los Angeles. I ein Barks-historie hamnar dei her i det gamle California.
Gullopodis, Nevada. Skrue finn ut at hans aksjar i den gamle Gullopolis-jernbanen blir verdt mykje. Han og Donald og gutane reiser til den aude byen for å finna aksjane.
Colorado. På leiting etter Cibolas sju byar må endene trosse ein kraftig sandstorm.
Styggestupet, Grand Canyon. Her fell Ole, Dole og Doffen ned eit stup, og det ender med at dei fell lenger og lenger ned når Donald "reddar" dei . Ole, Dole og Doffen er dei eigentlige heltane, som reddar sin onkel frå urindianarar og andre farar. Tilbake til forsida |