Andeby

Figurprofiler

Forfattarprofiler

Stamtre

Ta Andebytesten

Andre artiklar

Lenkjer

Om AI

Kontakt AI

Skriv i AIs gjestebok


Don Rosa


Keno Don Hugo Rosa (betre kjend som Don Rosa) vart fødd den 29.juli 1951 i Louisville i delstaten Kentucky i USA. Han er no 51 år gammal, gift, men ingen born.

Don Rosa er ein Donald-teiknar med utruleg god sans for detaljar, og hans historier er ofte basert på sannheta. Han er utdanna sivilingeniør og legger utruleg mykje godt arbeid i sine historier. Det er Don Rosa som har laga det mest kjende Duck-stamtreet og den mest kjende Skrue McDuck-historien: "The life an time of Scrooge McDuck" eller på norsk "Skrue McDucks liv og levnet" (anbefalast på det sterkaste å lesa). Alle historiene hans fåregår på 50-talet, for det var då Carl Barks teikna sine beste historier.

Don Rosa har skapt Arpin Luséne, ein gantlemannsskurk, som til og mad robba onkel Skrue ein gong! (Heilt til han fall gjennom golvet og besvimte). Don Rosa var ein stor fan av teikneseriar allereie på byrjinga av 70-talet og oppover, og han byrja å teikne så tidleg at foreldra hans måtte fylle ut snakkeboblene. Då han var ca. 20 år teikna han allereie striper til lokalavisa der han bodde. Han teikna blant anna "Captain Centucky". I 1986 tok Don Rosa kontakt med Gladstone's redaktør (Byron Erickson), og dagen etter byrja han på sin første historie: "Solens sønn". "Solens sønn" vart forbløffande berømt og vart til og mad nominert til teikneserieprisen "Harvey Award" som beste historie. Don Rosa slutta hos Gladstone 1 1989 då Disney overtok, for då fekk han ikkje igjen originalteikningane sine. Det varte ikkje lange før utgivaren til DuckTales tilbad han ein jobb. Don Rosa sa ja, og skreiv manuset til "Back in a time for a dime" (DuckTales). Don Rosa slutta der på grunn av at han hadde problem med å få løna si, og at redaktøren fjerna ein god del av vitsane Don Rosa la inn i historiene. Han byrja å jobbe for Egmont der han framleis jobbar.

Don Rosa har ikkje, og kjem ikkje til å teikne Mikke Mus-historiar, for Carl Barks gav ikkje Mikke ein personlegdom slik som han gjorde med f.eks. Donald og Onkel Skrue.

Don Rosa dedikerer sine historier ved å skjule D.U.C.K. (Dedication to Unca Carl from Keno)i det første vindauget i (nesten) alle historiene hans.

I 2002 var Don Rosa i streik. Han streika fordi europeiske forlag gav ut tusenvis av ting med hans namn, nesten som om det var han som var ein teikneseriefigur! Han slutta å streika på julafta 2002.



Tilbake til forsida