|
Lille Hjelper![]() ![]() ![]() Lille Hjelper
dukkar plutseleg opp i ein serie av Carl Barks i 1956, og me får
fyrst i 2002 vite korleis han vart oppfunnen (i ein Don
Rosa-historie). Han er nesten like oppfinnsam som Petter
Smart og har jaga duer forkledd som guden Tor og redda både
Petter Smart og heile Andeby. Det beste med Lille Hjelper er
at han kan reparera seg sjølve. Han er ein mann, og har fleire
gongar drøymd om ein kvinneleg hjelpar. Han fekk ein medalje
med inskripsjonen "Helt" på då han redda Andeby
frå ein kjemperobot. Ein gong redda han Cupfinalen på
Tullevold stadion og ein anna gong redda han Skrues
formue. Han har redda Donalds hus frå
ein brann og Super-Langbein frå ein skurk. Det var faktisk
Lille Hjelper som drog sverdet Excalibur opp frå steinen også.
Tilbake til forsida |