Andebys
klima er veldig varierande og difor får meterologane ei svært vanskeleg
oppgåve med å spå været. Våren i Andeby er veldig fin til drakeflyging,
fisking og perfekt til ein landtur medan sommaren er usedvanleg varm i
Andeby. Ein sommar annonserte ein restaurant at det var 20 grader varmare
ute enn inne. I løpet av sommaren er det ofte stormar og uvær. Det er
alltid mykje vind om hausten i Andeby, og det fôrårsakar eit stort antal
bortblåste hattar og aviser medan vinteren er veldig kald med mykje snø og
snøstormar. Det flyr veldig mange vêrballongar rundt over Andeby og dette
redda livet til Anton
Antonsen då han fall ut av eit fly etter at flyveggen til venstre for
Anton vart reven bort som fylje av at ein meteor trefte den. Det
forekommer veldig ofte tornadoar og tropiske orkanar. Innbyggjarane io
Andeby klussar ofte med været med f.eks. snøfjernarar, solmakarar og
regndansar.