Anna
Duck, betre kjend som Bestemor Duck, ble for fyrste gong sett i ei
avisstripe i ei amerikansk avis den 11. august 1940 på eit bilete på
Donalds vegg. Ho kom til Noreg for fyrste gong i 1949. Ho har alltid hatt
dei same kleda som då (om me ser bort i frå festar og andre spesielle
anledningar). Ho er gardsbrukar og bur rett utanfor Andeby i lag med
gardsguten Guffen Gås
og mange dyr. Hobbyen hennar er handarbeid og baking, og ho har vunne den
årlege bakekonkurransen kvart år sidan ho vart med for fyrste gong, til
tross for sabotasje. Clinton og Gjertrud Kvakk var far og mor hennar og ho
var gift med Hilmar Duck. Ho har borna Eddy Duck, Dora Duck (Antons mor)
og Didrik Duck (Donalds far). Ho er ikkje Skrues syster, slik som mange
trur. Sjølv om alle kallar ho for bestemor er ho eigentleg berre bestemora
til Stokkstein Duck,
Klodrik Duck,
Anton Duck,
Donald Duck og Della Duck.