Branca

 


Daniel Branca (betre kjend som Branca) er født i 1951 i Buenos Aires i Argentina. Han likte å male og å lese om Mikke Mus og Donald da han var ung. Allereie som 14-åring teikna han for eit barneblad i Argentina og dette gjekk etterkvart over til hans karriere: Han byrja å teikne Donald i eit studio i 1977. Det han las var "El Pato Donald" som var utgitt sidan 1944 i Argentina. Den fyrste Disney-historien hans var "Snow Clearing" frå 1977, men han kom i Donald Duck-bladet fyrst i 1978 med "Lang ventetid". Han er framleis veldig aktiv, men ikkje så produktiv som før. Det er mykje opptrykk av hans gamle seriar i dagens Donald Duck & Co.



Tilbake til forsida