Carl Barks

Carl Barks er ein av verdas mest kjente Disney-serie-fortellar. I historiene til Barks blir vi dradd med inn i ein eventyrleg verden der Skrue, Donald og Ole, Dole og Doffen drar på fantastiske eventyr til eksotiske junglar, verdsrommet eller langt inn i mystiske, gamle grotter. Han ble født 27. mars 1901 i nærleiken av Merill i Oregon. Barks' fyrste historie var "Sjørøvergull". Han fekk ofte inspirasjon til sine historier ved å kjøre rundt i USA. I 1935 søkte han på ein jobb i Disney, og fikk byrja å jobba der. Som 42-åring følte han seg veldig mislykka, og sa:

”Jeg har alltid vært like uheldig som Donald. Jeg var udugelig som cowboy, tømmerhogger, trykkeriarbeider, stålverksarbeider, tømrer, animatør og hønsefarmer. Men alle disse opplevelsene har hjulpet til slik at jeg kunne skrive historier om stakkars uheldige Donald Duck.”

På 40-talet teikna Barks ein serie med namnet "Benny Burro og Bruno Bjørn", som vart utgitt sist i bladet "Tom & Jerry" nr. 5-2002. Barks slutta der i 1942, for då laga dei nesten berre krigsfilmar, og det var elendig luftkvalitet. Seinare fekk han jobb hos "Western Publishing" som Donald-teiknar. Den 30. juni 1966 pensjonerte han seg. Carl Barks var den som oppfant Onkel Skrue(1947), Anton Antonsen(1948), Hakkespettane(1951), B-Gjengen(1951), Petter Smart(1952) og Magica frå Tryll(1962). Barks ble i 1971 overtalt av fans til å laga oljemåleri frå Donalds verden. Barks var ikkje sikker, men gjorde det, sidan han ble tilbudd $150 for det. Han malte i alt 122 oljemåleri pga stor etterspørsel. Alle med motiv frå Skrue, Donald og Ole, Dole og Doffen-historiar. I 1981 ble alle måleria samla og utgitt i boka "The Fine Art of Walt Disney's Donald Duck by Carl Barks". Eit av måleria vart seld for $42.000 på auksjon i 1980. Barks teikna éin Mikke Mus-historie: "Gåten om den røde hatt". Carl Barks døydde, diverre, fredag 25. august 2000. Han var vanvittig produktiv og laga nesten 400 teikneseriehistorier med ca. 6371 teikneseriesider, 190 framsidebilete og over 150 fantastiske oljemåleri.

 



Tilbake til forsida