Dolly
Duck er kjærasten til Donald Duck, noko dei
aller fleste veit, men ho flørtar også mykje med
Anton Antonsen. Det virkar likevel som om ho alltid kjem tilbake til
Donald. I ein film frå 1940 vart namnet hennar
høyrd for fyrste gong. Ho har bursdag den 9 januar medan ho vart oppdaga
i Norge fyrst i 1949. Dolly har ingen offentlig kjende slektningar
bortsett frå nokre tanter som besøkjer henne i ny og ne og dei tre niesene
Hetti, Netti og Letti. Ho går alltid i rosa sløyfe, ein bluse og sko
med høge hælar. Ho likar (som andre kvinner) å pynte seg. Ho bor aleine i
eit hus i nærleiken av Donalds hus. Ho har aldri nokon fast jobb, men har
vore sekretær, journalist og mykje meir. Dolly er også medlem av
strikkeklubben ( som består av Klara Klukk, Klara
Ku og Dolly). Ho er veldig kjend for dagboka ho skriv.