Donald
Duck har fascinert mange barn (og vaksne) på den tida han har eksistert.
Han kom til Norge i desember 1948 og er ei optimistisk and som alltid går
i matrosdress med sløyfe, og utan sko og bukse. Han har alltid dårleg
økonomi og hamnar alltid i håplause situasjonar. Om natta kler han seg ut
som Fantonald og er Andebys beskyttar, men om dagen er han ei klønete and
igjen. Donald er vel best kjend for sine fantastiske raseriutbrot, som den
gongen han skulle underhalde foreldrelause born. Dei syntes ikkje han var
særleg morosam, så det heile enda med at Donald eksploderte i eit av sine
vanlege raseriutbrot. Dette var i filmen "Donald som skuespiller". Donald
er son av Didrik Duck og Lillegull McDuck (syster til
Onkel Skrue) og
har ei syster med namnet Della Duck. Dolly, Donalds
kjæraste, bur i nærleiken av Donald. Han har hatt utallege
yrke, for
eksempel som pengebrukar for Onkel Skrue(!)
Dette var då Onkel
Skrue måtte kvitte seg med masse pengar i 1953. Donald klarte å bruke
30 tonn pengar på 2 veker, men då skifta han også bil heile tida, slik at
den passa til landskapet. No har han nokolunde fast jobb på
margarinfabrikken. Donald likar å fiske, og har til og med laga sine eigne
fiskekrokar der han skar inn namn, adresse og telefonnummer. Han har reist
verda rundt og har vore i Norge to gongar. Han var blant anna med på å
oppdage ein dal i Andesfjella der firkanthønsa lever, og han fann ein gong
ein gullhjelm som gjorde ham il eigar over Nord-Amerika heilt til
Ole, Dole og Doffen
klarte å fjerne hjelmen. Telefonnummeret til Donald er ???024711.