|
|
||
Donald giftar seg
Då Dolly for fyrste gong møtte Donald vart Donald forelska med ein gong. Dette var då Dolly flytta inn i nabohuset til Donald. Etter dette har dei alltid vert rekna som kjærestar. Men det er ikkje berre lett å vere forelska i Dolly når du har ein dustete fetter som heiter Anton! Anton er Donalds einaste rival. Ein gong gjekk Dolly ut med onkel Skrue. Dette var fordi både Donald og Anton var blitt dårlege då dei konkurrerte om kven som kunne ta ein berg-og-dal-bane flest gongar. Det har hendt at andre også har prøvd seg på Dolly, for eksempel Guffen og Svarte Petter(!). Det hender ofte at Donald kikkar på andre damer, og ikkje minst at andre damer prøver å kapre Donald. Dette har faktisk skjedd fleire gongar, og det verste er at dei fleste av desse damene er dronningar! Det var verst i det gamle Persia, då Donald nesten vart gifta bort til ei litt ”stor” dronning. Dette hende også då Donald, onkel Skrue, Dolly, Ole, Dole og Doffen var langt nede i ei dyp, sprekk i havbotn på jakt etter Skrues pengar som hadde sukke ned her som fylje av eit jordskjelv i pengebingen til Skrue. Då vart han redda av Dolly som bytta Donald mot hennar skjønnleiksveske. Donald har faktisk fridd til Dolly også. Ein av gongane meinte han berre for ein time eller to slik at han fekk jobb. Dette likte ikkje Dolly!! Ein gong vart ho lei av å ha to friarar, då gjekk ho til eit kontaktbyrå. Ho fann snart ut at det var best med Donald og Anton. Kanskje Donald tar mot til seg og frir skikkeleg til Dolly ein gong? Kven veit? |
||
|
|
||