|
|
||
Eks, Dobleks og Triplex
Eks og Dobleks vart "fødd" i 1932, medan Triplex ikkje dukka opp før den 14. januar 1933. Eks og Dobleks er tvillingar og Triplex er den eldre og smartare broren, og alltid sjefen. Dei bur truleg på Grimmerud slott der dei ein gong prøvde å "gjera kål" på Mikke Mus. Dei liknar alle på apekattar, men oppfører seg som galne professorar. Dei opererar ofte ilag, men også nokre gongar aleine. Dei lagar nesten alltid avanserte maskinar, og tenkjer mykje på hypnose og strålekanonar. Eks, Dobleks og Triplex er alltid besett på verdsherredøme. Dei taper alltid og dette ofte på grunn av at dei overvurderer seg sjølve og undervurderer deira fiende. Dei har også jobba saman med andre i nokon tilfelle, for eksempel Svarte Petter, Minken, Advokat Lur og admiral Orangus. |
||
|
|
||