Guffen

 


Guffen kom til Norge i september 1951, men vart "fødd" 9. mai 1938 i ei avisstripe. Han seier sjølve at han er fødd i tvillingens stjerneteikn. Han bur på Bestemor Ducks gard rett utanfor Andeby, der han også jobbar som gardsgut. Han er son av Gunnar Gås og Casi Kvakk og har ingen kjente sysken. Han har faktisk fått sparken hos bestemor, og så har han blant anna prøvd seg som detektiv, ofte i lag med Humpry i Donald-Pocketane. Han har faktisk hatt sin eigen gard også. Ein gong var han forelska i Dolly, noko som gjorde Donald ganske sjalu. Hans mest kjende hobby er å sove og ete, men han spelar faktisk banjo også. Fleire gongar har han blitt kåra til Andebys lataste person, men kom likevel på ein bra 4. plass i VGs avstemning av hvilken Disney-figur lesarane likte best. I byrjinga budde han hos Donald, og då han kom dit hadde han med seg ein lapp der det sto: "Kjære Donald, din fetter Guffen kommer og bor hos deg ei stund. Hilsen Bestemor Duck. PS. sjå til at han et ordentlig." Guffen åt nok ! Han stal alt Donald hadde i kjøleskapet pluss tåteflasker frå små born og bananar frå apekattane.



Tilbake til forsida