Hetti, Letti og Netti

 


Hetti, Letti og Netti vart "fødd" i ein historie av Carl Barks, og kom til Norge i Donald Duck & Co nummer 6/1954. I denne historia hadde dei ikkje namn. I Donald Duck & Co nummer 45/1961 kom dei tilbake, men heitte då Hetty, Letty og Netty. Hetti, Letti og Netti er ei slags jente-Ole, Dole og Doffen, men dei er like forskjellige som Dolly og Donald er. Hetti, Letti og Netti går i Grønnmeisene, som er Andebys jentespeidar. Grønnmeisene og Hakkespettene kjem ofte i konfliktar. Ein gong utfordra Grønnmeisene Hakkespetten, og då valde Hakkespettene brubygging som konkurranse. Det enda uavgjort, men Hakkespettene fekk mest æra, for landssjefen deira hadde sett heile konkurransen og lagt merke til alle gongane dei måtte redda Donald, som prøvde å hjelpa dei. Det største Grønnmeisene har klart er å få eit gratis klubbhus hos Skrue McDuck.



Tilbake til forsida