|
|
|||||||
Andeby er den vesle
byen som alle, både store og små, kjenner. Byen ligg på vestkysten av
USA. Andeby er kjend for Donald Duck, Skrue McDuck, Ole, Dole, Doffen og
mange fleire. Mange berømte organisasjonar, som Hakkespettane, Grønnmeisane,
Millionærklubben og mange andre har ein av sine mange avdelingar i
Andeby, og det kryr av spanande opplevningar her. Me har mange spanande
bygningar, som Skrue McDucks pengebinge, Kornelius Kvakk-statuen, verdas
største margarinfabrikk og McDuck-bygningen (som er Andebys høgaste
bygning). Me håpar du kan meir om den kjære heimbyen vår etter at du
har vore her, enn du kunne før du var her! Om det er noko du tykkjer er
dumt med sida, bra med sida eller har eit tips eller ein kommentar til
sida, så mail Andeby på: andebyinfo@home.no,
eller skriv i gjesteboka.
|
|||||||
|
|
|||||||