I historier i Donald Duck & Co er det ofte indianarar med. Dei lever i
pakt med naturen, altså stikk motsatt av våre vener frå Andeby.
Donald og
Skrue har ofte
fått ein lærepenge med desse indianarane, men møter dei stadig vekk. Her
er nokre eksempel:
Skrue,
Donald og
Ole, Dole og Doffen
møtte i ein Barks-historie
dei berømte pygméindianarane som snakkar språket til dyra. Me møtte dei
igjen i ein Don Rosa-historie
der dei til slutt får
Skrue til å
øydeleggja sin eigen fabrikk på grunn av at den forureinar miljøet til
indianarane.
Donald besøker
ein gong indianarlandsbyen Tipiti, der han møter ein politikonstabel som
avslører ein falsk medisinmann som lurer til seg maten og verdisakene til
indianarane.
Då Donald fyljer
etter Ole, Dole og
Doffen nedover Styggestupet for å "redda" dei møter dei nokre
urindianarar som prøver å spise
Donald .
Då Donald og
Skrue sel
hårvatn (som viser seg å gjere indianarane skalla) til Tjillibut-stammen
vert dei nesten utsette for dette sjølv.
Mikke Mus og
Langbein møter ein gong ein indianar-stamme som gjer
Langbein til æresindianar. Mikke og
Langbein hjelper
dei med å fjerne eit varmebad-anlegg som ville øydeleggja den heilage
geysiren deira: Storgeysir.