|
|
||
Klodrik
Klodrik vart "fødd" i "Topolino" nr. 453, og kom til Norge i januar 1965. Han prøver ofte å lære bort (spesielt til Donald Duck) ting han ikkje kan sjølv. Han har også, som Langbein og Donald, ein hemmeleg identitet; SuperKlodrik (huttemegtu!!). Han er son av Eddy Duck og Lulla Lom og har ein bror med namn Stokkstein Duck, og ein nevø med namn Klodriand. Klodrik bor i utkanten av Andeby. Han elskar å "hjelpe" Donald og dei andre venene hans (dei likar det ikkje). Han har prøvd og jobbe som det meste, men lykkast nesten ikkje i noko. Han tar ofte brevkurs, eller les bøker for å læra seg jobbar. Klodrik har svart, halvlangt hår som står rett til værs. Han har ofte topplue og strikkelue. Klodrik er veldig klumsete, og får veldig ofte sprøe idear (han trur riktig nok sjølve at dei er smarte). |
||
|
|
||