|
|
||
Kornelius Kvakk
Kornelius Kvakk vart skapt i Carl Barks-historien "Cornelius Coot Story" også kjend som "Statuesque Sprendthrifts" i "Walt Disney's Comics and Stories" nr. 138, mars 1952, og kom til Norge i Donald Duck & Co nr. 3/1953. Han levde frå ca. 1970 til 1880 og grunnla Andeby då han var 28 år gamal (i 1818). Eg veit ikkje med kven, men han må ha vert gift med ei dame ein gong, for han har ein son: Clinton Kvakk, som igjen har to born: Konrad Kvakk og Bestemor Duck. Han budde i Andebys første hytte, for ikkje å seie Andebys første bygning (bortsett frå indianarhytter). Det er mange statuar av Kornelius Kvakk i Andeby, spesielt etter at det var ein konkurranse mellom Skrue McDuck og maharajaen av Pengostan om kven som kunne byggja den største statuen. På alle statuane har han nybyggjarklede og han held alltid ein maiskolbe i hendene (bortsett frå den gongen ordførar Andengen laga ein vassfontene der han haldt ei vassmugge). |
||
|
|
||