Langbein


Langbein vart "fødd" den 12. mai 1932, og kom til Norge i 1948. Han har ein nevø med namnet Ferdinand, ei bestemor og ei rekkje med grandonklar som har lagt frå seg haugevis med mystiske koffertar og andre mystiske ting på loftet til Langbein. Han driv "ZOOM flyttebyrå" saman med Mikke. Visste du at Langbein eigentleg er ein hund? Han dyrkar supernøtter i hagen. Når han et desse blir han til Superlangbein. Superlangbein vart fyrste gong sett i 1965, men kom ikkje til Norge før i 1967. Han er, som Fantonald, Andebys superhelt. Han flyr rundt i raudt flanellsunderty, og har superhørsel, supersyn og blir smart. Ingen kjenner Superlangbeins eigentlege identitet (bortsett frå Langbein sjølve og oss).



Tilbake til forsida