Lille
Hjelper dukkar plutseleg opp i ein serie av Carl Barks i 1956, og me får
fyrst i 2002 vite korleis han vart oppfunnen (i ein
Don Rosa-historie).
Han er nesten like oppfinnsam som
Petter Smart og
har jaga duer forkledd som guden Tor og redda både
Petter Smart og heile Andeby. Det beste med Lille Hjelper er at han
kan reparera seg sjølve. Han er ein mann, og har fleire gongar drøymd om
ein kvinneleg hjelpar. Han fekk ein medalje med inskripsjonen "Helt" på då
han redda Andeby frå ein kjemperobot. Ein gong redda han Cupfinalen på
Tullevold stadion og ein anna gong redda han
Skrues formue.
Han har redda Donalds
hus frå ein brann og Super-Langbein frå ein skurk. Det var faktisk Lille
Hjelper som drog sverdet Excalibur opp frå steinen også.