Nabo Jensen

 


Jensen vart "fødd" i 1943 i bladet "Walt Disney Comics". Det er (for meg) uvisst når han kom til Norge, men Donald Duck krangla med herr Gretten og nabo Hansen ei stund før nabo Jensen dukka opp. Han er gift med Herbertha. Jensen er naboen til Donald Duck. Jensen likar å stella i hagen, noko som får Donald til å f.eks. kasta søppel over på plenen til Jensen. Han og Donald er (som dei fleste veit) erkefiendar og har vert i slagsmål fleire tusen gongar. Dei kranglar om alt mellom himmel og jord f.eks. kven som har lånt kva hos kven. Donald sjølv påstår at det er Jensen som er grunnen til all krangelen. Nokre sjeldne minuttar er dei faktisk vener også!



Tilbake til forsida