|
|
||
Skrue McDuck
Skrue McDuck vart skapt i Carl Barks-klassikeren "Jul på Bjørnefjell" i desember 1947, men fødd i 1867. Han kom til Norge i 1949. Onkel Skrue er (oftast i Carl Barks og Don Rosa historier) ute på eventyr i verdsrommet, i tette junglar i eksotiske land, langt under havoverflata, i jordas indre og mange andre mystiske, uutforska stadar i heile verda. Skrue er son av Fergus og Myra McDuck, og har to systrer som heiter Penny og Lillegull McDuck. Han vaks opp i Skottland, men reiste til USA då han var 13 år. Han er veldig kjent for den store pengebingen som står på toppen av Daudbilbakken i Andeby. Han har 500 trippolionar 287 multiplikionar 111 dillionar og 13 øre som han har tent opp ved hjelp av hardt slit, ærlegdom, god forretningssans og gjerrigskap. Han går i ein dress han bytta til seg (hans nye dress med hatt, mot ein gamal dress med ein utslitt stokk, ein utslitt hatt og ein hundrelapp) då han kom tilbake til Skottland i 1902. Han er verdens rikaste and og har vært over heile verden fleire gongar på grunn av forretningar. Han må ofte "banke opp" diverse skurkar og kjeltringar som prøver å stela alle dei 500 tripollionane 287 multiplikionene 111 dillionane og dei 13 ørene hans. Han må ofte forsvare lykketiøringen sin mot heksa Magica frå Tryll som vil smelte den om til ein lykkeamulett som gjer henne til verdas rikaste heks. |
||
|
|
||