Petter Smart

 


Petter Smart vart "fødd" i januar 1948 i historia "Den mystiske lykketingen", og kom til Norge i mai 1953. Petter vart fødd i Andeby, nærare bestemt: I Enga. Han har ein nevø med namn Newton, ein far med namn Fulton Smart (død) og ein bestefar med namn Julius Smart (død). Me møtte også (i DD&Co nr.47 1966) hans onkel Torvald. Han bur i verkstaden sin (som er gjenoppbygd fleire gongar på grunn av mislykka eksperiment) ute på ei eng, på grunn av fare. Han er oppfinnar og har funne opp alt det dei i Andeby treng, og ikkje treng, men likar faktisk også å spele baseball. I nokon historier har han eit kråkereir på hovudet som, i følge han, hjelper han å tenke. I andre historier slår han seg sjølve med ein hammar i hovudet (av same grunn). Hans beste oppfinnelse er Lille Hjelper, som han opprinneleg fann opp for å redde formuen til onkel Skrue, men no er Lille Hjelper hans beste ven og hjelpar.



Tilbake til forsida