|
|
||
Historia om Skrues lykketiøring
Lykketiøringen til Skrue McDuck er verdskjent, men er berre ein heilt alminneleg amerikansk dime frå 1875.
Skrue McDuck fekk den då han pussa skoa til Hallgrim Grøftegraver (skoa hans var dekka av eit lag med storkna gjørme). Det Skrue ikkje visste var at mynten eigentleg kom frå Amerika med Gamlerik Rikerud (faren til Rikerud). Gamlerik var veldig rik, og kasta pengar ut av vogna si til dei fattige borna som tigga. Penny (Skrues syster) fann ein av desse myntane og gav den til faren (som også er Skrues far). Fergus McDuck fann ut at han skulle gi den til sin ven Hallgrim Grøftegravar for så å få han til å gå bort til Skrue og be han pusse dei skitne skoa hans. Resten kjenner vi (ikkje enno, men når du har lest dette stykket). Magica var faktisk med på dette: Ho kjøpte eit tidslys (ho hadde dessverre ikkje råd til ei tidslyspære) og reiste tilbake til Skrues tiårsdag. Ho forkledde seg som ei ung dame og fikk sitja på med Gamlerik Rikerud. Men då Gamlerik kasta pengar til dei fattige borna blei det nok for Magica, og ho kasta seg ut av vogna og kjende straks igjen Skrues lykketiøring. Ho prøvde å ta den frå Penny, men gav seg då det kom ein politikonstabel. Ho fylde etter Penny bort til Fergus og ville kjøpe mynten for ti pund. Fergus ville ikkje selja den. Det enda med at Magica kasta ei foffbombe på han og stakk av. Men det viste seg at Fergus var like glad i pengar som Skrue kom til å bli. Fergus fylde etter Magica og greidde til slutt å ta mynten frå ho. Men då Fergus har gitt mynten til Hallgrim og forklart kva han skal gjere kjem Magica og bytter til seg mynten mot to 25-øringar - ein til Skrue og ein til Hallgrim. Ho blir så glad at ho hoppar rundt i gata av berre glede, men mistar då mynten. Heldigvis er det ei rask hand som reddar mynten før den fell ned i ei rist, og det verste er at dette er Skrue. Magica tibringer den siste halve timen på kafé og ser på Skrue som sliter med å pusse sko. Mens ho sit der kjem Hallgrim. Skrue brukar ein halv time på å pussa skoa hans, og fell utslått om på bakken då han er ferdig. Hallgrim ser at Skrue ikkje merkar det om han går utan å betale, så han går på kafé og kjøper kaffi for 50 øre. Magica kjem plutseleg på at Skruehar ikkje eigd denne mynten enno, og må difor gje den til Skrue før han vaknar (utan at Skrue oppdagar at det var Magica som gav han mynten). I same augeblikk er tidslyset oppbrukt, og Magica blir transportert heim igjen. Skrue hadde denne mynten med seg på alle eventyra sine heilt til han kom heim til Andeby og bygde pengebingen der. På 50-talet fekk Skrue besøk av Magica (dette var før ho hadde reist tilbake til fortida, så ho ante ikkje at det var ho som hadde gitt mynten til Skrue) som samla myntar som rike folk hadde tatt på. Når ho hadde nok ville ho smelte dei om til ein amulett som gjorde ho til verdas mektigaste heks. Skrue lo av henne, men gav henne ein mynt. Ved ein feil gav han henne lykketiøringen hans i staden for ein anna. Han fylde etter Magica og forklarte at han hadde gitt ho feil mynt. Då Magica fann ut at denne mynten var hans fyrste, trudde ho at denne mynten aleine kunne bli ein like kraftig amulett som den planlagde. Etter dette har ho og Skrue alltid kjempa om denne mynten. Den ligg vanlegvis anten i Skrues lomme, eller trygt forvart i pengebingen. |
||
|
|
||