Donald og Skrue i Tralla La


Donald og Skrue har vore i Tralla La to gongar. Ein gong for å komme bort frå alt som heiter pengar (!), og ein gong for å finna ein skatt. Sistnemnte gong vert dalen kalla Xanadu heilt til dei fann dei tomme flaskene frå førre gong. Den vakre dalen ligg godt gøymd høgt oppe i Himalaya. Menneska i denne dalen er vennlege og kjenner ikkje til misunning og steling. Dei snakkar tibetansk, og har ikkje høyrd om pengar. Heilt til det ein dag fell ein flaskekapsel ned frå skyene.... Det blir kaos og Skrue og co. kjem litt rett etter. Skrue bestiller ein milliard flaskekapslar slik at alle i dalen får så mange dei vil. Det bli flom og Skrue blir stilt for retten og lovar å få satt ein stoppar for dei tusen flya som er bestilt. Dette klarer han. Då dei seinare les i hakkespettboka om ein dal med namnet Xanadu og ein skatt som skal vere gøymd der reiser dei gjennom ein underjordisk tunnel og hamnar igjen i Tralla La. Dei finn ut at skatten som er gøymd i dalen berre er haugevis med flaskekapslar frå førre gong dei var her. På grunn av at dei stengde ein sluseport for å komma seg ut frå den underjordiske tunnelen må dei støype sagblad av flaskekapslane for så å sage over sperra på døra inn til sluseporten. Donald klarer dette og reddar nok ein gong dalen.



Tilbake til forsida