Om hestane i dalen

Av Nils Myklebust


Hesteintresserte Nils Myklebust med "Ljoshild" født i 1989.


Hest i Follestaddalen
AVL OG UTSTILLING
Hest har her vore i Follestaddalen i lange tider, men eg lyt taka med litt utanfor dalen.
I eldre tid var det , i distriktet, ingen plan i hesteavl,
Ofte var det to års hingstar, i sambeite med marar, som sytte for at hesteslekta vart fornya. Kjenner til at på ei utstilling i Ørsta i 1870-åra vart to hingstar premierte, men dei vart kastrerte og hamna som gardshestar hos Vebjørn Svendsen.
Seinare var det nokre karar som fekk premierte hingstar plasserte i distriktet.
Ein av dei var Nils Kolås som fekk plassert Harald Gråfeld. Her har vore fleire i dalen som har hatt premierte hestar, men å nemne så mange det vil verte for langt,
I 1934, på Ørstautstillinga, fekk Lars N Øye (Nils-Lars) 1. premie på merra Marta.
Det som no heiter Volda og Ørsta fjorhestlag hadde då vorte skipa nokre år før.
Vil tilslutt taka med at Syver Årseter stilte hest på Noordfjoreid eit av krigsåra, og fekk premie på han. Og den hesten skulle vera av eige oppàl.
Unghestutstillingane vart no haldne på Vatne.

II BRUK AV HEST
Det kan ikkje løynast at når uhellet er på ferde så kan mangt skje , som ein ikkje ynskjer. Slik har det alle tider vore, så difor måtte dei leva med ein viss resiko, like eins som me måtte gjera med dei motoriserte køyrety.
I lange tider vart hesten brukt til pløging av jord, innkøyring av årets avling og til å køyra avdråtten heim frå sætra. Hesten vart også brukt til å køyra tilgards byggetilfang og andre forbruksvarer til gardsdrifta, og då sjølvsagt til vedkøyring frå skogen og salgsved ned til sentrum. Under forbygninga av elva vart store mengder stein køyrt ned til elva med hest.
I eit årsskrift frå Hjørundfjord sogelag, har Rolf Valset teke med dei to siste linjene av eit vers (for han mintes ikkje meir) "Med til barnedåp, med til grav, heilt til han sjølv takkar av". Desse to linjene fortel i alle fall litt , men om dette er det å fortelja at eg ikkje minnest å ha sett nokon, frå Follestaddalen, som har vorte køyrd siste reisa med hest.
Rundt 1900 vart meir arbeid lagd på hesten, for då byrgja slåmaskina å koma, og det vart eit stort framsteg. Eg har lese om at under slåmaskinkøyring har det hendt at hesten har stoppa tvert, og det har vist seg at det har lege barn, eller vore fuglereir i graset framføre slåmaskina.
Minnast berre ein gong å ha sett to hestar føre slåmaskina. Eg har lite inntrykk av at dette vart nytta her i distriktet. Eg lærde sjølv så vidt å køyra slåmaskina med hest, før traktoren tok over som trekkraft for slåmaskina.
Snøbrøyting var også eit av hesten sine gjeremål, men då det i samband med meierisamanslåing i Ørsta, i slutten av 30-åra, skulle køyrast mjølk til Vik, tok bilen over mjølkekøyringa etter hesten. Bilen tok så etterkvart over mesteparten av den transporten etter vegane som hesten hadde hatt tidlegare.
Tilslutt litt om fargar på hestane, både som eg har høyrt om og som eg minnest.
Fyrste hesten bestefar min (f. 1881) hadde var svart, og det er det ikkje Fjorhestar som er no. Sjølv meinar eg at eg har sett 7-8 kvite , eller ulsblakke hestar i dalen.
Vidare ein grå og ein raud. Men elles minnast eg berre brune, og brunfargen var myrkare før en brunfargen på hestane er no.
For Fjordhesten totalt har alle desse hestefargane eg minnest, pluss den gule overlevd.

Nils Myklebust 20.02.2005

Tilleggsinformasjon frå Jorunn Øye til artikkelen om hestar i Follestaddalen:
Eg kan minnest at eg såg Hau-Peder (Peder Øyehaug) køyrde kista til kona Kirsten med hest til den siste kvila. Like eins såg eg båra til Annlena (Ann Helene?)Foldal verte køyrd frå Foldalen til Ørsta kyrkje.



Om sauevasking i Follestaddalen

Av Noralv Langstøyl


Sauevask i Foldal ca år 1950.
Vi ser fra venstre Guttorm Langstøyl "Guttorme", Gudmund Langstøyl(i vogna), Guttorm Midtgard "Gutten",ein ukjend,Lars K. Foldal "Lalli", Olav Langstøyl "Longstøyl Ola" (nesten skjult) og Andreas Foldal "Pe Andreas"


OM SAUEVASKINGA PÅ FOLDAL OG LANGSTØYL.

Det var vanleg at gardane Fyldal og Langstøyl samarbeidde med å ”bade” sauene. På bilete over viser ein slik seanse. Vi ser sauene vart frakta med hest og høyvogn. Den næraste høyvogna er mitgardsvogna og den andre med gummihjul er Gudmund Langstøyl si.
Her føregår vaskinga nedom gamle larsløda. Dei brukte eit vaskekar av tre. Det var om lag 1,5 meter langt og 70 – 80 cm breitt medan djupna var om lag 1,3 meter, det smalna nedover mot botnen. Som vi ser mellom ”Lalli” og ”pe Andrias” er vaskekaret delvis nedgrave. ”Longstøyl Ola” held ei reim i handa som vart brukt til å halde hovudet til sauen over ”vassflata” , og det kan eg love trengdest! Eg hugsa den sterke kreosotlukta av vaskevatnet!

KVIFOR VASKA DEI SAUENE?
Sauene vart vaska for å bli kvitt parasittar i ulla. I landbrukstidende frå 1930 er det ein artikkel om sauevask, lauging, (dipp). Eg tykkjer artikkelen er skriven på ein god og humoristisk måte og vil sitere litt ifrå denne artikkelen:
” Frå hausten til jul er rette tida å vaska sau for oty (avåt). Det kan vera sauelus (krabb), veiter, fnatt, flått o. a. oty, som gjev klåe, og som sauene dreg med seg frå beitene, der det har øksla seg heile sumaren. I kystbygdene er det mest den store sauelusa (krabb), melophagus ovinus, som syg blodet av sauene. I innlandsbygder, på skog- og fjellbeite, kan det vera veiter og flått, som er verst. Veiter eller kvitlus er lita og vond å sjå, men krabb og flott er op til ½ cm. store brune beist.”

Vidare står det om mengda av ”avåtet”:
” Over hundra store lus på ein sau er ikkje sjeldsynt. Ein kystbonde sa eingong, at det er ikkje berre hundre, men ”hundrad tusen” på ein sau. Dette er sjølvsagt ikkje berre ”mild overdrivelse”, - men eit grøtelegt døme på kor gale det er og kor stor skade det blodsugande avåtet kan gjera”…..… ”Innan julekvelden bør difor heile saueflokken vera lauga minst ein, helst to gonger”

Litt om vaskemiddelet m.m:
”Alle sortar vask er kreolinblandingar. Difor vert det billegast å bruka rein kreolin nøgda utblanda med vatn….. osv. Sauene lyt da vera snaukløpte eller hava lite ull (haustkløppte). 2 mann – ikkje kvinnearbeid å lauga sau – hjelpes åt med lauginga…….osv. Vasken må ikkje koma inn i auga og øyre.”
Det kunne også brukast eit pulver til å ta knekken på utyet. Det gjekk ikkje meir enn ”eit par fingerklypor” til å ta knekken på parasittane til ein sau. (du kan tru det var giftig slag!) Denne typa behandling kalla dei dunsting. Om forskjella på desse to typer behandling står det: ”Dunstinga har den store fyremunen å vera mykje meir reinsamt arbeid enn vasking, og so slepp ein den stygge lukta, og å bløyta seg sjølv og sauene.”


Noralv Langstøyl 20.02.2005