Eg møtte ei jente i ungdomens år det stølsvegen opp gjennom bergskaret går.
Det var vel ei vakker og lur lita heks, ja, ho var vel jente som kunne sei seks.
Ho tralla og song og dansa og sprong med kubjøller rungdt om i hangande klong.
Ho sette seg ned ville kvile seg litt og smilte i mot meg so dårande blitt.
Eg tenkte med meg: Kva er du for ei du liknar ei retteleg Lorelei.
Eg stod som fortrolla, heldt mest på å kolla, men sola hos kein over dal over vollar.
Vinden so lint uti tretoppen ruska og fuglane kvikt mellom greinene tuska.
Kyrne dei rauta og bjøllene ramla det ljoma og svara i berg og i hamrar.
Himlen var klår i lufta var vår og solstrålar glitra i sor og i nord.
Eg helsa Goddag og ho svara: Gud signe deg det lysna i hugen, ho var ikkje redd meg.
Og sidan me tala om laust og om fast om oss sjølve og andre om lyte og last.
Tida gjekk fort, dagen vart kort, men livet var vorte so stort, so stort.
Då me so skildest og gjekk kvar til seg då kjende me båe at elskhugen dreg.
Eg snudde og vinka og ho vinka att, heilt til me kom utaor syne ratt.
Og seinare so eg tenkte på ho, alltid kvarhelst eg i bygdene for.
Det var makelaust til jente, eg møtte i fjellet det er alltid slik når ein har med seg hellet.
Håret var brunsvart, med gyllen glans føtene lyfte seg lett som i dans.
Gjev ho var mi, og ikkje di for over det heile var harmoni.
Målet var mjukt og so reint so reint alt som ho sa kom so ærleg og beint.
Vidunderleg var ho frå topp og til tå, eg såg `kje eit lyte å peike på.
Det heve seg so både før og no med slikt som berre kjem ved dei to.
Sidan me møttest både ofte og titt og alltid ho smilte like dårande blitt.
For elskhugen nordest i sumarljose nætter og fekk si utløysing på fjell og på sæter.
Barndom er barndom og manndom er manndom men ingen av dei kan likna på ungdom.
Då haustmørket kom og sollyset slokna tok banda mellom oss so smått til å rakna.
Kva grunnane var, det veit ikkje eg, men eg har ikkje hug å ta skulda på meg.
Eg ville ho vel av heile mi sjel og var vel kanhende for visen lell.
Jenta eg tilgir av heile mi sjel og vonar ho alltid får lukke og hell.
Men minnet eg gøymer i hugen min for det er det lysaste av dei som er komne der inn.
Der skal det trutt få halde set butt til eit liknande kjem og jarar det ut.
Olaves.
(ca 1930)
Sætre-Berte har skrive følgende dikt og ho las det sjølv opp på julefesten til ungdomslaget i 1961:
Til ungdomslaget 1961.
Vårt ungdomslag oss samlar til fest hos seg i kveld
og det i nye salar, og under høge kvelv.
Her er det stort og vakkert, og langt imellom vegg
og måla fint og lakkert, så vent og koseleg.
Mot ute-lykt og lampar, vi glade hasta på
mot smil til alle kantar, for kjære att å sjå.
Dei staute, gilde gutar, oss tek i mot med smil.
Til fest vi tida nyttar, om kvelden strekkjer til.
Dei trufast inn oss kallar, frå eine år til hitt
så nesten uten tal no, er tradisjonen blitt.
Men tanken vil kan hende, og ta ein annan veg
og mange ting og vender, vi med i minna dreg.
Det kjære skulehuset, står einsamt att i kveld
der inga stemning lyser, og ingen tale held.
Det stod der som ei kyrkje, ja som ei vardevakt
og har i helg som yrke, oss åndsverdiar brakt.
Det står med svarte ruter, med stilt kring nov og tropp
for ingen er der ute, som opnar døra opp.
No alle saman hastar, imot eit anna lys
som sine strålar kastar, frå dalens bedehus.
Vi gjekk i stille undring, i nitten hundr`og to
og såg på mur og timbring, som seg i høgda drog.
Det var vår eigen skule, dei bygde dette år
no dit vi alle skulle, med læreboka vår.
Så kom vi til vår skule, i nitten hundr`og to
vi som var første kullet, og sette oss i ro.
Til lærar ha vi Berli, og han ha lorginett
han bølger har i håret, og han var blid og nett.
I prinsa vår var tavle, og litt å bita i
ein pennestokk med griffel, og så vår ABC.
Nei, ingen kunne tenkja, på slikt eit sløseri
i kladdebok å rekna, vår første skuletid.
Så kom Klokkar-Mina, og lærde oss å sy
på kjøpety så fine, og heimevove ty.
Vi trottigt sat og strikka, oss fram til sokk og lest
og prøveklutar stoppa, der krok og knapp vart fest.
I kjellaren stod Syver, med gute-flokken sin.
Dei laga bord og krakkar, og små og store skrin.
Dei sinka, spikra, lima, dei høvla, saga, skar
for dei var kvar ein time, det likaste som var.
Når dalen så låg nedsnødd, med alnedjupe lag
og borna vel stod vødde, imot ein skule-dag.
Då vaula dei i breen, bå` øyk og plog og mann
og brøytte i all-far-vegen, sitt rode-stykke i stand.
I skulen hekk ein lampe, og lyste alt han vann
då vi med lekser kampa, med kvart som dagen rann.
Den heile middags-timen, så lang i tida skar
at det leid langt på dagen, før det på heimveg bar.
Då det leid fram mot jula, vi borna trakte lodd
på julefesten skulle, kvar få ei gåve god.
Då gjekk vi jamt i spaning, om kven som gjevar var
og ha så smått ei aning, om kven som namnet ha.
Ja, dei i ungdomslaget, dei også trakte lodd
då jenter laga dokker, og let så guten få.
Dei hadde også korga-festar, med godt på alle fat
der gutane var gjestar, og hos si jente sat.
Basar det var på skulen, den andre nyårsdag
så det vart tradisjonen, som enno står ved lag.
Då alle var nyfikne, og med si gåve kom
og nummera vart trekte, i eige skule-rom.
Tilsyn, prest og klokkar, til vår eksamen kom
så tankane slo flokar, der i vårt skulerom.
Men læraren, han Ervik, han lirka oss på gli
for i vårt skulepensum, det var han heime i.
Vi samlast glade ved skulen, det var vår kjære vis
og gjekk i barnetoget, for dag og landets pris.
Vi traska heile mila, ja, mila heimatt og
for det var 17. mai, og vi til Vik fekk gå.
Det gilde ungdomslaget, det i si bløming var
dei mykje ha i emning, og høgt si fane bar.
Frå turen ned i Bygda, dei hasta heim som mest
til foredrag på skulen, til skodespel og 17. mai-fest.
Ja, der var kloke skallar, som aldri stod i beit.
Om emna som vart valde, dei diskuterte greitt.
Skribentar skreiv i "Luren", forteljingar og dikt
så der kom tankekorna, om sidesprang og skikk.
Dalebønder kalla, til sundags-skule inn
for der å få i tale, dei vare barne-sinn.
Dei unge konfirmantar, vart bedde inn til fest.
Utallige i tida, var preikarar og prest.
Og dit gjekk Gamlekoret, til øving i alle år.
Der samlast spelelaga, og andre ungdomskor.
For meieri og handel, og det som skulen gjaldt
for framgang i all vandel - der vart det drøfta alt.
Vi aldri opp kan nemna, alt gildt og skulen vår
av møter, kurs og stemne, ved sommar, haust og vår.
Der eima mang ei gryte, av herleg rjome-graut,
når ferda-folk oss vitja, og dei til bordet laut.
Der stod så mang ein lærar, i klasseromet vårt
rett ein trufast tenar, som lærde oss ordet klårt.
Vi fekk den trygge ballast, til livets landeveg
så kvar det enn i livet barst, det aldri tapte seg.
Den flokk som kom i fyrtna, i nitten hundr`og to
den har i rekka glisna, for flest har gått til ro.
Dei bygde oss det nye, og gilde skulebygg
med plan og port og kilde, attåt litt graneskog.
Når det står tomt og aude, på denne julefest
vi minnekrans har bunde, av det vi hugsar best.
Der mange bøner lydde, når vekkingsbylger gjekk
og i dei tunge tider, då bod om krig vi fekk.
Men fram igjennom tida, enn daleborn vil gå
og skunda seg i gleda, for skulen sin å nå.
Og i frå morgonstunda, og kvart eit griminutt
vil ståk og leik få lyda, til timane er slutt.
No dalens gilde ungdom, med vilje, mot og makt
har tenkt seg inn i nye rom, der første trinn er lagt.
Der står med mur og stokkverk, på andre elvebard
så nyst no kranselaget, på skulen også var.
Til lukke då ungdomar, med alt de får i stand
og takk til trauste bønder, for alt av hjelpsam hand.
For slike verk vil vara, fram gjennom tida all
og alltid ære vere, for vakre Follestaddal.
Bakstedag
Det var ein morgon eg låg og snorka og sov og drøymde alt det eg orka,
då brått det banka i loftet hardt - og eg fekk bod om å stå opp snart.
Eg svevnen godt ut or auga gnika, og gjennom glaset so ut eg kika:
På budamøna det sat ei skjor, og heimover vegen eit kvinnfolk for.
Då brått eg høyrde eit underleg ståk, det var visst i kjellaren det var slikt bråk.
Kvinnfolk som tala - fritt var ordet, og kjevla dundra mot bakstebordet.
Låtten og ståket eg kjende frå før, og no gjekk det livleg for blidan bør.
Leivane svinga seg lett under handa og løyste og smurde var tungebanda.
Då eg hadde ete og var komen meg ut, då ropte ei kjerring: Du skal steikje gut!
åhå, tenkte eg, skal eg det i dag. Du skal sjå det vert moro i slikt eit lag.
Eg rusla meg inn og sa go`morn til kjellå, så bar eg inn ved og retta på hellå.
I medan fekk bakarane ein kaffitår. Han gjorde godt der han kom, det visst eg spår.
Så bar det til att med steiking og baking, og stundom i mellom litegrand prating.
Først fekk eg vite kva kar eg var, og sidan det krinsa om nokon og kvar.
Kvinnfolka visste so mykje og mangt, å ta med alt her vert berre for langt.
Men visdom det var i mangt som dei sa, derfor skal "Luren" dette stykket ta.
Den fyrste som tala hos ordla seg slik: Det lydest so mangt mellom sætrar og Vik.
Sumt er no vel og sumt er no bra, men sumt er`kje verdt på tunga å ta.
Alle so har de vel høyrt det styret som er ned på Gjærda hjå han Per.
Og kona hans, ho spøkelset Stine som har slik lyst til å vere fine.
Ho fer ned i bygda kvar enda dag og handlar og kjøper av alle slag.
Og resten kan tenkast av ein og kvar, det er bra han ikkje lever - deira gamle far.
Ei anna i laget no ordet tok. Først lurt ho blinka og på mjøldomen skok.
Det er mangt ein får veta i livet sitt, men stundom det gjeng både på ære og vit.
Det var her eine natta eg lite fekk sova, då høyrde eg vel det kom eit par framom nova.
Eg høyrde dei kviskra, både han og ho. Og målet eg kjende åt båe to.
Det var ho der jenta frå dinna garda, og so han Ola - den son åt fara.
Dei for der og sneik både lenge og vel, eg vart so forbina - heilt inst i mi sjel.
Han som du sa - for med ho Mina i vår. Og ho då, som gjekk her med ring i fjor.
Kva tykkjer de om slikt? Eg berre spør. Hadde det i verda kunna gått for seg før?
Då sukka den tredje både høgt og tungt: Skilnad det er på gamalt og ungt.
Men ungdomen før var betre enn no, all visst det stend i minnet mitt so.
Eg ser på mine eigne og andre med, dei er ulike sine i skikk og sed.
Me foreldra var stillslege båe to, men borna dei er no so som so.
Han Mons og ho Klara er dei beste av mine, og det vil eg sei - dei liknar på sine.
Men so kan me nemne ho Marja og han Pe, eg hadde nær sagt - dei ber skam på meg.
Fine vil dei vere, so overlag, og maten skal vere av beste slag.
Ute med natta det er dei ofte, og tunge dei er å få ned av loftet.
Fedrearven eg lite ser att i disse to er han borte ratt.
Og slik eg trur det so ofte er med ungdomen ute på bygda her.
Den fjerde då lunt på smilet drog og med seg sjølv so smått ho log.
Eg kan no seie dykk alle eitt - det er her i verda nokså greitt.
Me gamle me vil frå våre ungdoms år huske det lyse og gløyme det mørke i hugen vår.
Men når me ser på vår ungdom i dag, då lever dei heilt eit anna lag.
Det gode me lite fær til å sjå, mest inkje av det me skynar oss på.
Og det som me no ser som gale og stygt - det gjorde me før, heilt utan frykt.
Grunnen til dette er god å forstå for alle som litegrand tenkjer derpå.
Den unge er ikkje den eldre lik, og aldri i verda vert han vel slik.
, ja, sa dei hine, mei veit net no - at alltid det er, og har vore so.
Men at kyra var kalv det huskar ho lite, og helst vil ho aldri det få og vite.
"Lathans"
(ca 1930)
Dalen vår
Venare og djupare enn dalar flest, breidare og flatare enn vanleg her vest.
Fjellgarden kringom, mektig og vill, formfin og høgreist og manande still.
Snaufjell og sætrar og skogli og bø, tøyer seg varleg ned i mot sjø.
Ja, dalen det er vel ein einsleg stad, med gardar og grender i rekkje og rad.
Med grønkande enger kring blenkjande elv, og tindar som peikar mot himmelkveld.
Sætredalar der jenter jallar til guten sjøl og bjeller tiklar og bekker siklar kring stille støl.
Nordvest med snøkav og isnande vind, sørvest med regndrev og skodde i tind.
Uveret hyljar frå himmelen ned, snøen seg velter i skavlar og skred.
Jorda er steinut og vassfull og sur, og heidane snaue mot nordvent snur.
Men uveret lettar og sola ho skin, og dogga får glitre i morgonen fin.
I høgsumarnatta ligg bøar og blømer, og uveret gløymest med skodda som rømer.
Kring eldgamle gardar stend tuntrea vakt, og elvane syng både tone og takt.
Folka som rydda og bygde vår dal, dei levde og streid i skog og på val.
Motgang og medgang i helg og i vyrke, landet var hardsett og tungt til å dyrke.
Men folket var grjot i frå fyrstninga av, derfor dei streid til dei låg i si grav.
Langt i frå marknad, frå kyrkje og prest, til sjøss og til sæters var vegløysa verst.
Men krava til livet dei sette dei slik - at lite dei trong om å få i frå Vik.
Eg sjølv dei hjelpte og nesten dertil, slik er det også Vårherre det vil.
Striden for livet er endå litt hard, våshardt og slitsamt på tungvunnen gard.
Uår og skadeår av hundrande slag, har råka oss ofte til denne dag.
Frostår og grønår og fonner og flaum, tyngjer vårt arbeid og møter vår draum.
Men hardbale land skaper kraftige folk, som greier seg gjennom ei uårsbolk.
slik har det vore frå utgamle tider, og heretter og kjem nok ublide tider.
Men berre me lit på oss sjølve trygt so forfell`kje det som her før er bygt.
Her har me kultur frå eldgamal tid, her har me grunnmur å byggje på lenger.
Dei gamle har teke so tung ein strid, å lære av dei so visst me trenger.
Endå er arbeid att til å gjere, endå er skaparverket ikkje ferdig.
I dalen må verte herleg å vere, det ynskjet er bygda og folket verdig.
Fram då frendar i fredeleg kappslag, rette det som ringt er, og reise det som velt er.
Byggje og bøte med bot som duger, gjera verk som varer til verda øydest
(ca 1930)

Denne songen har vi prøvd å skrive ned etter eit handskrive papir.
Vi var fleire som prøvde å tyde, men det var ikkje alt vi klarte å finne
ut av
kanskje kan nokon heile songen eller har han nedskriven??
| 
| 
|

Follestaddalssongen
Fram i Follestaddalen skjønne egne
Der vor elven rinder klar som sølv
Der bor en pige, hendes navn jej ei tør nevne
For ellers blir det bare vrøvl
O den pigen hun er så vakker
Datter til den rige bondemand
Og hun eier mange mange stakke
Og et skrin i god og holdbar stand
Mange friere gjikk der og søgte
For at eie i det gode stand
En for en gikk dit og seg røkte
Fra det beste til det verste svin
En jej nevne vil blant andre
For ellers kunde det blive altfor galt
For eg det saa faar eg paa mei en snare
Og min sang vilde blive snarlig kvalt
Han er stor og fæl som selve gubben
Med en fot der lignet meget hans
Og hans kinder er som svarte ryggen
Og en rigtig voksen prale Frans
Slange munden taler mid en tunge
Der er sleip og haal som ålen selv
Høgt i sky du om dei selv vil sjunge
Og du ligner jo en skjiten elv
Ned paa midtbygdas flate står hans stue
Skjøn og kvit som nyfalds sne
Der skal frua mi saa glad faa skue
At der finst verken sorg eller ve
Smør og ost skal også der i blandes
Haud og ryggen tek me også med
Mine ord skal rekke da faa sende
At den finst litt mer enn skrevet her
Vild flere kvinden med mei kvade
Skulde i faa høre meget mer
Men jej er her alene her tilstede
Saa eg slutte maa og holde fred
Neste gang jej fører denne pennen
Skriver eg om slik en stor
.
Om dei ord du har bedtrodt den venn
Vor til du lenges med at blive gift
Gamalt og nytt
No er eg gamal og lute veit, det minste barnet meg set i beit.
Når jenta spør meg om rett og rongt og svara for meg er noko vrangt.
Den unge ætti er klok som presten, for meg dei svarar du skjønar resten.
Ein gammal mann med sitt gamle sinn, det er som purka i kattaskinn.
Når eg noko skal dei lær og skrattar, eg er som musa imellom kattar.
Dei held meg berre til narr og ap, du er for gammaldin tosk og gap.
Eg spør dei ofte kna no som hender, dei berre knipser og ryggen vender.
Til bords dei set med steik av naut, men slenger i meg ei skei med graut.
Nei no til dags er det reint ei pine, kor tausatravane vil gå å skine.
Eg trur so visst på ein straffedom om dei no ikkje vil legge om.
Det er no gale med gutane også, men dobbelt gale med jenteflokså.
Det er no visst både skam og sund her finst ikkje att korkje vit eller fynd.
Om kvelden har eg slik hug til å blunda, men då dei ut på vegen seg skunda.
Om morgonen søv dei same kor høgt eg skrik, det finst ikkje ungdom som vert rik.
Dei eig ikkje meir enn dei har på kroppen, og jamvel kjøpe dei hår i toppen.
Med silke gjeng dei og kjøpety, eg som er gamal kunne spy.
KKor dei er skapte, eg finn ikkje ordet, men fekk eg lov eg slo i bordet.
Tvi vøre dei liknar ein hesjestaur og av på midten som ein migemaur.
Og spør du so etter mangt i noko, du ser det straks på dei lynne loko.
Skal jenta gå halvanna mil, so treng ho å ha ei stakkars kvild.
Dei tygg på jarn og dei drikke nafta, og meiner at dei skal auke krafta.
Eg smiler eg som er vand med graut og rapaball som i feittet flaut.
Då var vi friske, då var me raude og aldri vart me for tenner aude.
I livet hadde vi aldri verk kvar led og lem var frisk og sterk.
Og etter kroppen var klæda skorne og aldri såg eg dei betre borne.
Men no skal kroppen til klæda lik og derfor gjeng dei med verk og skrik.
No skal helsa med hand i hatten om so dei råka på røysekatten.
I handa tek dei so fint og laust og det skulde vera både varmt og traust.
No skal dei tala so fint og fykje og kviskra mest ikkje gapa mykje.
Om norsk dei tala eg trur det ei, for norsken er både klar og grei.
Høyr her du ungdom kva eg vil seia, du burde skjemmast av heile greia.
Du burde gå inn i sjølve deg og koma atterpå bondeveg.
Jentene våre
Nattgongarlaget bad meg ut å gå for å sjå kor sakene i nyåret stå.
Er det noko å nøyte seg etter, eller bør me vente til neste vetter?
Ho Rishaug Elen er høg og stor - no ventar ho just på guten med jord,
og derfor ho no på høgskulen gjeng, for heime på Rishaugen der er;Peng, peng, peng.
På Torehaugen to jenter er og me har dei båe like kjær,
for sjølv om ho Elen i bygda var so leita ho oppatt den gamle gard.
På Solvang gjekk der ei jente so eine - ho hadde `kje hug til å vere åleine.
Derfor han Kåre på frieri gjekk, det siste me høyrde var ja han fekk.
I Bøgarden går ho Oli so gla og tenkjer på guten ho vil ha.
Og gutane går der både grådige og mange, men likast av alle er Knut den lange.
I Kolbigarden vi har ho Berta, no nyttar det ei lenger for gutane å erta.
For bort i Bakken går han Lars - det nyttar lite å koma der til gards.
I år har dei g i Jogarden taus og derfor dei spring mellom berg og knaus.
Ho Signe gjeng midt i det daglege kavet og syng mellom bakkar og berg ut med havet.
Fram med ho Fia går sbjørg og luskla, med henne er det mange som gjerne vil tuska.
Ho Fia seier ho sbjørg skal ha ein, og det vert sikkert ein lukkeleg Svein.
Sidan so gjer me eit lite hopp, framover vegen til Meltehaug opp.
Opp til loftet me stiltrar oss so, men ramla ned då me såg han Jo.
Til Hestebakken so me gjekk, men Ola var snar å jaga oss vekk.
For no hadde han vore der han Magne og då kan det lite gagne.
I Hanslarsgarden har me vore ofte, men no har andre beslaglagt loftet.
Lell me våga oss ein tur der opp, men ved trappa står Paul og seier stopp!
Ho Kikki ho tenkjer omtrent som so: Eg er gamal nok og vil gifte meg no.
Og derfor han Kutten har gått i gang å lage møblar i nyaste fasong.
Fram i Fremstebøen er friarane få for det er kaldt å ute på trappa stå.
Nei, Sofia, ta gutane med inn so varer `kje det lenge før du ein kjærast finn.
No vart det eit heilt stykkje å gå før me heimatt til Langstøyl nå.
Der ho Gudrun spring opp og ner: Ja, no er det avgjort med meg og han Per.
Ho Ingeborg går stille mest utan ord, for ho har fått likaste guten på jord.
Når kvelden kjem, då seier hop berre: hadde han endeleg kome han Sverre.
I Larsgarden er Aslaug ferdig å gå på dans, for ho er då invitert av Petter-Hans.
Ja, desse smågutane nede i bygda, får du fatt ei dei er du trygda.
Det same seier ho Pe-Berte når gutane er stygge og vil henne erte.
For ho har kapra han Peder rseth på Velle og det er vel ein kraftig selle.
Ho Nanna er taus der heime på brauta ho kokar og vaskar og steller med nauta.
Og stundom ein tur på vegen ho gjeng og då er gutane ute i fleng.
So har me tausa hans Paul og der er det ofte både skrik og gaul.
Når gutane er ute og går med natta dei fær ikkje alltid som stille katta.
På Bytingsgrova tok me oss stopp, eit par kom dit i frå brua opp.
Me spurde etter rykter og "Londonnjus", men det var for tidleg so me gjekk i hus.
(ca 1940 ?)
Kolåstind
Markant og mektig mot himmelen opp
Høgreist og prektig du løfter din topp
Tøyer deg opp mot det høge og blå
Løfter din topp mot eit vidsyn som få
Du bråbratt deg reiser med stupbratte flå
Med toppen som kneiser så traust og så håg
Og rundt eg så kryr det av toppar og tårn
Det er som der flyg det av leikande born
Når nordvesten yler og tek seg på tak
I snørok det skyler med bulder og brak
Då er det ikkje fyse der oppe hos deg
Det er som ein fryse bere tanken dit dreg
Men når sola ho gyller di kruna så fin
Eit lyshav framtryller, å du for eit bin
Det glimar og glitrar i toppar og skar
Og lufta ho sitrar som trolldom det var
Der oppe på tinden ein sommardag fin
I svalande vinden når sola ho skin
Og du kor det kriblar i sansane då
og augo dei driblar over fjella dei blå
No går eg her og ynskjer
At hadde eg venger eg flaug dit så tidt
Der ingenting stengjer
Eit utsyn så fritt
Guttorm Foldal ca 1920
Til bygdefesten 15.02.75
Kolåstinden av Rasmus Strømme
Av alle dei fjell me hev i vårt land
med ruvande høgder frå dal og strand
og tindar og toppar mange,
so minnast eg eitt som merkjer seg ut
med storslagd skapna og høgreiste nut
og skinande snøskavl i fange.
Der stend det med tårn på sin breide rygg
og liknar ein dom, eitt gotisk bygg -
ja, plent liksom Nidaros kyrkje,
so ofte eg tenkte å ta meg ein tur
oppetter fjellet, yv svaberg og ur;
men no manglar gamlingen styrkje.
Kolåstinden: eg helsar deg no,
stend du der fager i høgreist ro
yver den fruktbare dalen.
ætt etter ætt gjennom tusind år
hev skoda mot tinden når himlen var klår
og lengta mot utgangsportalen.
Fleire hev vore på høgste tind
og svala seg godt i den leikande vind,
og mektige utsynet skoda.
Randers me nemner og Hovden med han;
med mykje slik dei høgderne vann
då soli i gullskyer roda.
Her var motiv for diktande trong -
dei veldige syner vart forma i song
som enno tonar i lufti.
Når soli gløder og skin i vest,
då høyrer ein omen av denne fest
heilt nede på Kolåstufti.
No i ungdomslage gjeng det godt sann
med ordskifte, opplesing og litt leik sann
ja til og med eit lite spelstykke har vore oppvist sann
So held me på og emna på eit hus sann der gamle og unge skal samlast trutt sann
Til samråding om kva no i tida gjeng forseg bodde høgt og lågt sann
Når me eingong i tida huse opp får bygt sann, då kan de tru me vert litt kry sann
Og om huset vil me verna og inne skal det vere god disiplin sann
Ja, alt skal gå so sømmeleg og fint sann so dei gamle ingen grunn til glage finn sann
Og bere skam dei har utan si klage so dei fer meir no sann.
Ja er det ikkje litt rart sann att dei på møta sit og les og syng og er so from sann
Og etterpå dei målar ungdomen svart so fanden på ein vegg sann.
Eg vil då berre sie so sann, skulle slike stå i styre for ein ungdomsflokk san
Ja då ville eg berre spå at ungdommen snart vart ganske desperat sann.
Når med ordskifte i kveld om huset skal sann då må alle vita kva dei vil sann
Og med si stemme seia ja og nei sann
Når me lovene om huset samfare skal igjen san Eg inkje om skodespel og leik slår av ein døyt sann
Og sidan får han Ivar Anna Joh og Knut og alle slike tykkje kva dei vil sann
Nei huset må då vere like godt for det sann for skodespel og leik det smitter ikkje vegger tak og golv sann
Og lufta kan ein få ut ved å opna dører og glas sann
Nei huset må då kunne brukast til møte av alle slag sann
Basarar og religiøse, jordbruk, meieri, handel, hest og ku sann
Kun dansen den må vere bannlyst derifrå sann
So til slutt eg fullt og ferdig huset seg sann
og inne stråler det av elektrisk lys sann
og folka strøymer til frå båe sider av elva sann
Møte tek til med orgelspel og song san
så tale og skodespel til slutt litt fin leik sann
og heimatt gjeng dei so roleg og pent sann.
(1917)
Stev
No i dette år me jenteformann fekk sann
Ja, då kom her liv i heile ungdomsflokk sann.
Noko også kom på tale som eg ikkje tenkjer er so gale
Pengeinnsamling til vårt hus me byrja må sann
no føre denne månaden går ut sann.
No det vil vel verta grepa greier då sann
for i mange år det gjekk i stå sann
Jentene fram med sine serviettar må sann
Løparar heller ikkje er å skrota til dette øyemed sann.
Gutane for å minne dei på sann
Har vel mang ei kiste full sann
Med mange rare ting her under sol sann
som skal fram og opp på basarbord sann.
No om åtte dagar skal det stå sann
Litt underhaldning vil me sikkert få sann
Litt "Luropplesing", song av koret og so lått ved kaffibordet,
for ein kaffikopp av rette slaget må vel også til sann
Skal det sette liv og hopp i ungdomskropp sann.
No i desse dagar mørke og grå sann
byrjar kjerringane å sei som så sann
No i dagane føre jul sann
So eg trur eg seier me var og har sann
som fekk det til arbeids no godt og fort sann.
Nei no eg trur eg seier stopp sann
For dennegong eg seier takk sann
opplesarane våre er vel villige til å lese opp sann
Og då eg tenkjer det er betre sort sann.
| |
|
|
| 
|
|
|
Telefon
| |
|
|
Email
| 
|
fdalsogelag@home.no
|
| | |
| | |
|
Du er besøkende nummer:
|
|
|
![]()
|
|
|
|